Skadd Tom Høgli med i landslagstroppen

Skadde Tom Høgli er med i troppen mot Malta og Italia i EM-kvaliken. Per-Mathias Høgmo tok ut troppen i formiddag.

Høgmo

TOK UT HØGLI: Per-Mathias Høgmo har tatt ut Tom Høgli til landslagtropen i påvente av at hans skadesituasjon blir avklara

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix
Arve Lote byline
Journalist

Høgli vart tilsynelatande stygt skadd i FC Københavns kamp i helga. Kor alvorleg skaden er, blir avklart i dag.

– Han skulle vore til sjekk klokka ni, men eg har ikkje høyrt noko enno. Uansett hadde han god tru sjølv, sa Høgmo då han offentleggjorde uttaket.

Laster Twitter-innhold

Elles var det ein tropp utan dei store overraskingane Høgmo presenterte.

Jone Samuelsen, som spela mot Kroatia og Bulgaria i september, er ute av troppen. Martin Ødegaard er framleis med.

Det er også Joshua King. Bournemouth-spelaren var ikkje med sist, men er no skadefri.

Høgmo fekk spørsmål om han har prøvd å overtale Brede Hangeland til å kome tilbake til landslaget. Hangeland har tidlegare sagt nei, men spelar no regelmessig for Crystal Palace i Premier League.

– Nei, det har ikkje vore noko tema, sa Høgmo.

– Må slå Malta

Norge møter Malta heime laurdag 10. oktober og Italia borte tysdag 13. oktober.

– Vårt fokus er no berre mot Malta-kampen. Men vi har sjølvsagt også Italia i tankane, sa Høgmo.

– Men først må vi spele mot Malta. Dei må vi slå. Om det får betydning for å eventuelt blir beste trear, veit vi ikkje. Men det trengst tre poeng, for det er ekstremt jamnt, sa Høgmo.

Han vedghekk at det skaper ee utfordring å ta ein kamp om gongen når «alle» snakkar om kampen mot Italia. Men han held fast på at det er Malta-kampen som må vere i fokus no.

– Vi reknar med å møte eit Malta-lag som legg seg bakpå, og som vi må bryte ned. Vi må definitivt konsentrere oss om den kampen først. Så blir det full merksemd mot Italia, se Høgmo.

Det er selt 15.000 billettar til Malta-kampen på Ullevaal laurdag.

– Mot Kroatia var vi hjelpt av eit kraftig trøkk heile vegen. Det håpar og trur eg vi vil bli mot Malta også, seier Høgmo.

Norge ligg på andreplass i kvalifiseringsgruppa før dei to kampane, to poeng bak Italia og to poeng framfor Kroatia.

Dei to beste i gruppa går til EM, saman med den beste gruppetrearen. Skulle Norge bli nummer tre, er sjansen derfor stor for at det blir kvalifiseirng mot ein av dei andre gruppetrearane.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.