Si din mening til Jan Åge Fjørtoft

Tom Stenvoll er en av Stabæks slitere. (Foto: Heiko Junge / SCANPIX)
All ære til Stabæk som løfta seg i 2. omgangen mot Brann.
Hadde ikkje tabloid-avisene vore i streik, hadde dei sikkert trykka eit kjempe-bilete av landslagskaptein, Martin Andresen, som i pausen skrev under ei langtidskontrakt med Stabæk.
Overskrifta hadde vore: Martin fikk fart på Stabæk. Eller noko liknande.
Men faktum er at det slitarar som Tom Stenvoll og Peter Sand som gjekk i fremste rekke for å hente poenga til Bærum.
Stenvoll kom inn etter pausen og oppsøkte alle duellar som det var muleg å finne. Og fant han ingen, ja da lage han sjølv ein ny ved å tråkke litt å ein Brann-spelar eller to.
Det er instillinga du skal ha når laget ditt slit.
Trenar Gaute Larsen hadde press på seg før kampen. Sportsleg ansvarleg i ein klubb vil få mykje kritikk, frå oss såkalla ekspertar, når ein medaljekandidat ligg på jumbo–plass.
Fin liten revansj då for Gaute at det var ein spelar han sendte inn som joker, Eirik Markegård, som avgjorde kampen.
Hovudfeltet løyser seg opp
Når ein ser på tabellen desse dagar, ser ein naturleg nok fyrst etter Rosenborg. Vi noterer oss at dei som vi tippa som dei fremste utfordrarane ligg bak RBK.

Christian Flindt Bjerg scorer bare spektakulære mål. (Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX)
Men Tromsø har no sju poengs leiing på RBK. Odd seks poeng.
På søndag spelar Odd på Lerkendal og Tromsø møter Lyn på Ullevaal.
Skal vi tørre å tenkje tanken:
Odd vinn på Lerkendal – Tromsø slår Lyn.
Tørr spelarane å tenkje tanken?
Noregs Beckham
Då eg fekk meldingane om at Odd sin Christian Flindt Bjerg hadde skåra tre mot Lillestrøm, gledde eg meg allereie til det blei lov å vise bilete frå kampen.
For denne guten skårar berre spektakulære mål. Og ganske riktig, to i kryssett endå ein gong.
Odd har fått fram fleire profilar og har vore veldig sterke hittil.
Tipper at Espen Johnsen har byrja gru seg til at det blir frispark rundt 16 – meteren på Lerkendal søndag.