NRK Meny
Normal

– Vi kan vinne dersom vi gir bånn gass og ikkje vert redde

Dersom Høddgutta tør å slå seg laus og spele, har dei ein sjanse til å vinne cupfinalen søndag. Det meiner trenar Lars Arne Nilsen.

Lars Arne Nilsen

Lars Arne Nilsen trur Hødd kan vinne dersom dei gir full gass

– Vi må berre gi full gass og vite at vi har prøvd. Å spele cupfinale er eit eventyr, seier Høddtrenar Lars Arne Nilsen.

Det har vore eit tøft år for Hødd med steinhard jobbing. Alle trudde at Hødd ville rykkje ned frå 1. divisjon, men dei berga plassen i siste liten. At det unge laget no skal spele cupfinale, kjennest uverkeleg.

– Vi skal utpå bana og kose oss. Men når vi først har kome hit vil vi også vinne, og eg håper at gutane tør å spele. Då har vi ein sjanse, seier Nilsen.

Vert dei i staden redd og engsteleg, veit trenaren at det vankar mykje juling frå Tromsøspelarane.

Underdog

Støtta frå publikum betyr enormt mykje, og trenaren frydar seg over å sjå alle blåkledde i gatene. Hødd er for underdog å rekne, og Nilsen seier at det er ei lett og ledig stemning blant spelarane. Dei har ingenting å tape.

– Vi er spenna klare. Det er eit tøft lag med sterke karar vi møter, men vi skal ta dei på entusiasme, glød og ein vanvitig innsats, seier Nilsen.

Fryktar du at dei kan verte nervøse når dei går utpå bana og det går opp for spelarane kva som er i ferd med å skje?

– Det kan hende at nokre snur i korridoren, men vi må berre få tak dei att og få dei ut på bana, ler trenaren. Han forklarar at det er kulturen og tradisjonen i Hødd å aldri gi opp.

Askeladd

Det er ikkje berre lokalbefolkninga som heiar på Hødd. Laget er godt likt av mange der ute. Trenar Nilssen trur det er fordi laget si historie liknar på eit Askeladden-eventyr. Det seier sitt når innbyggjartalet er på 5000–6000 og like mange var publikum på Høddvoll under semifinalen då Hødd slo Brann.

– Det er ingen att i bygda. Alle er i Oslo og det er vi glade for. Vi treng all støtta vi kan få, seier Nilsen.

Ikkje nervøse

Hødd Sjøgata

Mange tusen har tatt turen til Oslo for å støtte opp om Hødd.

Foto: Terje Reite / NRK

ettermiddag er det siste trening og etter det skal spelarane roe ned og kople av så godt som råd. Pål André Helland har vore ein av dei viktigaste spelarane til Hødd denne sesongen. Han gler seg til kampen søndag og seier at laget har godt humør og hittil er ingen nervøse for det som skal skje.

– Dette er draumen til alle fotballspelarar og det vi har trent og streva for heile livet. Når vi no får sjansen kan vi ikkje stå med lua i handa og vere nervøse, seier Helland.

Vise seg fram

Pål André Helland

Pål André Helland gler seg til kampen og er ikkje nervøs.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sjølv har han fått vist kva han er god for under cupkampane og han veit at det vert lagt merke til dersom han spelar ein god finalekamp. At han skal kunne ende opp i eit tippeligalag er ikkje det han fokuserer på no.

– Er ein god nok vil ein få sjansen, seier Helland, som innrømmer at han har lyst å spele i tippeligaen. Men først er det kampen mot Tromsø som ventar og Helland er klar.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.