NRK Meny
Normal

Hødd har lært av fjorårets cupfeil

Til slutt blei det ein historisk cupfinalesiger for Hødd frå Ulsteinvik. Likevel er det spesielt éin cupkamp i 2012 Sivert Heltne Nilsen meiner var grufull.

Sivert Heltne Nilsen

Her er ein jublande glad Sivert Heltne Nilsen etter den historiske cupfinalesigeren over Tromsø. Midtbanespelaren i Hødd tek no 2. divisjonslaget Åsane på høgste alvor i 2. runde 2013.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

25. november 2012 er ein merkedag for Heltne Nilsen, ein merkedag på Høddvoll og ein merkedag i Ulsteinvik. Det var dagen Hødd blei cupmeister etter straffespark i finalen mot Tromsø.

Likevel: Vegen fram mot cupfinalen var ikkje perfekt, meiner Hødd sin 21 år gamle midtbanespelar Sivert Heltne Nilsen.

– Eg hugsar 2. runde-kampen mot Arna-Bjørnar i fjor. Det var ikkje ein god kamp. Arna-Bjørnar var i 3. divisjon, og vi undervurderte dei nok litt, seier voldingen.

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen har uttalt at 3. divisjonslaget Arna-Bjørnar var laget som var nærast på å slå Hødd i NM i fjor.

Ruben Yttergård Jenssen

Her er Sivert Heltne Nilsen (ryggen til med nummer 16 på ryggen) i duell med Ruben Yttergård Jenssen i fjorårets cupfinale.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Inga fare for undervurdering

For det glei betre, mot både Asker, Sarpsborg 08, Haugesund og Brann.

– Eg håper vi har lært litt etter kampen mot Arna-Bjørnar, slik at vi no ikkje går på ein smell mot Åsane, seier Heltne Nilsen.

– Passe på å ikkje undervurdere?

– Det er det inga fare for. Vi veit at Åsane er eit bra lag i 2. divisjon. Elles er det alltid kjekt å kome til Bergen for å spele kamp. Det følest litt som å kome heim, meddeler Hødd-spelaren med sterke anar til Bergen.

Førre veke gjorde Hødd reint bord på Høddvoll, med tre poeng mot både HamKam og Stabæk.

– Eg føler vi har god flyt, sjølv om vi framleis har ein del å gå på. Det hadde nok litt med bana å gjere, men to trepoengarar på éi veke er god flyt.

Saka held fram under bildet.

Far og son Nilsen

Sivert Heltne Nilsen (t.v.) saman med far og trenar Lars Arne Nilsen etter cupbomba 25. november i fjor.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Laaaangt frå lett

Fjorårets cuptriumf har av, mellom andre, Arne Scheie blitt omtalt som «tidenes største cupbombe». Heltne Nilsen blir glad berre på tanken.

Hødd - Brann

I fjor vitja Brann Høddvoll i cupsemifinalen. Her er Sivert Heltne Nilsen i duell med Fredrik Nordkvelle. Semifinalen enda til slutt med 3-1-siger i favør Hødd.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Ja ... Alle som var med på det synest det var heilt sjukt artig, seier 21-åringen smilande.

At eit 1. divisjonslag vinn cupen er ikkje kvardagskost, og Hødd-spelaren meiner lista ikkje er lågare i år.

– Det blir laaaaangt frå lett å gjenskape noko slikt, men ingenting er umogleg. Det har vi vist før.

– Det er kanskje ikkje noko forventningspress sjølv om de er regjerande cupmeister?

– Nei, vi har eigentleg ikkje presset på oss. Målet vårt no er å få eit Tippeligalag til Høddvoll. Det hadde vore utruleg artig, men då må vi slå Åsane, Heltne Nilsen.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.