Etter 55 minuttar tok Martin Ødegaard av seg den raude gensaren for å gjere seg klar til å entre den største fotball-scena som finst.
Tre minutt seinare kom eit sju-tall og eit 41-tall opp på tavla til fjerdedommaren.
Og det blei kanskje eit symbolsk bytte også. Byttet mellom den største - og den komande stjerna. Mannen som bærer Real Madrid, mot gutten som skal føre arva vidare.
(Artikkelen held fram under bildet.)
På stillinga 5-3 og til enorm jubel blei Martin Ødegaard bytta inn for Christiano Ronaldo etter 58 minuttar. Ronaldo gav den norske 16-åringen ein god klem før han ønska han lukke til.
– Eg er veldig glad og stolt, seier Ødegaard i følge Real Madrids eigen TV-kanal.
16 år og 157 dagar gamal fekk Ødegaard debuten for Real Madrid. Berre litt over eitt år etter debuten i den norske eliteserien. Då blei han bytta inn for Thomas Sørum.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Nesten målgjevande
Ødegaard blei plassert på høgre midtbane, og låg og klokt og disiplinert i midtbaneleddet, utan å gjere noko stort nummer ut av seg dei første minutta.
Etter 72 minuttar mottok han ei pasning på kanten av 16-meteren, før han elegant slo ein kort stikkar til Hernandez, som klinka ballen i motsatt hjørne, men målet blei korrekt annulert for offside.
Kvarteret før slutt drog han seg innover i 16 meteren og flikka ballen vidare, men avslutninga til Jese gjekk over.
Historia hadde fått prikken over i-en med ei scoring frå debutanten, men den unge nordmannen kan uansett vere stolt av sin første kamp.
– Eg synes han klarte seg like bra som ein kunne håpe og ha forventningar om. Han virka litt nervøs og usikker i starten, og fann ikkje heilt sin plass på bana og var usikker på kva han skulle føreta seg då lagkameratene hadde ballen, sier C Mores spanske fotballekspert Petter Veland til NTB.
(Artikkelen held fram etter bildet.)
Set nye rekordar
Dermed blei 23. mai 2015 ein historisk dag for norsk fotball.
Dermed har vi nordmenn igjen noko å skryte av i fotballverda.
Nordmenn har vunne Champions League og serie- og cup-meisterskap i fleire store og mindre utanlandske ligaer.
Norge var i VM og EM-sluttspelet på 90- og 2000-talet.
No har Norge også tidenes yngste som har spelt ein offisiell kamp for Real Madrid
Dermed held det norske fenomenet fram med å setje nye «tidenes-yngste»-rekordar.
Og det er ei fantastisk reise drammensaren har hatt frå ungdomsklubben Drammen Strong, via Strømsgodset, til debuten for verdas største fotballklubb.
Norge hadde aldri sett maken då Ødegaard blei tidenes yngste debutant i eliteserien for Strømsgodset 15 år og 117 dagar gamal.
I den niande serierunden, 16. mai 2014, ble han også tidenes yngste målscorar i eliteserien, i ein alder av 15 år og 150 dager, då han scora det siste målet i Strømsgodsets 4-1-siger over Sarpsborg 08.
27. august 2014 blei Ødegaard tidenes yngste landslagsspelar for Norge då han debuterte i privatlandskampen mot Dei forente arabiske emiratane.
13. oktober 2014 blei han den yngste spelaren nokonsinne i ein EM-kvalifiseringskamp, 15 år og 300 dager gammel.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Mål-fest
For spørsmålet før kampen var om 16-åringen kunne bli historisk denne deilege kvelden i Madrid.
Ødegaard var også på benken mot Almeria i slutten av april, men fekk ikkje speletid den gangen.
Ingen av laga hadde noko å spele for i Madrid-derbyet. Barcelona blei seriemeister forrige helg, mens Real Madrid måtte nøye seg med sølvet.
Dei einaste seriemeistrane på Santiago Bernabeu var Real Madrids basketballag som viste fram trofeet etter sigeren i europa-serien og blei heidra framfor dei mange tusen på Reals berømte heimebane.
Og det mest spennande som skjedde dei ti første minutta, i alle fall for oss nordmenn, var at TV-produsenten valgte å vise bilder av Martin Ødegaard sitjande på Real-benken. Det skjedde ni minuttar og 50 sekund ut i kampen.
Men så eksploderte det brått etter 12 minuttar og deretter rann måla inn i Madrid.
Brasilianske Marcelo slo eit kunstverk av eit innlegg på hovudet til Christiano Ronaldo som styrte ballen hardt, kontant og presist i motsatt hjørne utan ein sjanse for Getafe-keeper Jordi Codina.
1-0-leiinga auka sjølvsagt sjansane for ein Ødegaard-debut i den spanske hovudstaden i sesongens siste kamp.
Historisk kveld
Men så snudde Getafe kampen i løpet av få minuttar.
Først etter 23 minuttar då Sergio Escudero brente av frå over 30 meter og ballen suste ned i hjørnet til keeper Iker Casillas.
Tre minutt etter sendte Getafe nok eit skot utanfor rekkevidda til Casillas sine hanskar. Diego Castro mottok ballen i beina på 18 meter og skrudde kula elegant ned i hjørnet.
Men Real Madrid slo tilbake umiddelbart då Ronaldo utlikna med sitt 47. seriemål for sesongen på frisparket frå nærare 40 meter.
Like etter var hat-tricket fullbyrda då portugisaren satte eit straffespark enkelt i nota etter at Hernandez var blitt takla i feltet. Men det skulle stå 3-3 til pause etter at Medhi Lacen scora på ein Getafe-corner.
Etter pause rann måla vidare inn og det stoppa på 7-3 til Real Madrid over Getafe. Men det var ikkje resultatet som var det viktigaste denne kvelden i Spania.
23. mai 2015 vil uansett stå att som ein historisk dag for norsk fotball.