FIFAs generalsekretær Jerome Valcke svarte mildt sagt engasjert då han vart spurd om sitt møte med politiet, og om han hadde fått spørsmål om hans eventuelle rolle i ei
frå Sør-Afrika til Jack Warner, dåverande president i det nord- og mellomamerikanske fotballforbundet.– Nei, aldri. Eg har aldri blitt avhøyrd, og sveitsisk politi har alle datafilene, sa Valcke på ein pressekonferanse i Samara.
– Kva skal eg legge til?
Før han heldt fram, tydeleg opprørd:
– Eg skal gladeleg svare på alle spørsmål. Eg skal vere så open som eg kan. Eg har ingenting elles å legge til. Kva skulle de ønskje at seg skulle legge til? Ønskjer de at eg skal ta denne pennen å slå mot hovudet mitt og seie «hei, hei hei, ja, ja, ja, ja, eg har vore dum, eg skulle ha stilt mange spørsmål». Kva for spørsmål?
No har det gått for langt. Eg vil svare på spørsmåla dykkar, men eg vil ikkje svare på fleire spørsmål om desse ti millionane, det er første gongen eg gjer framfor så mange journalistar, sa Valcke til det frammøtte pressekorpset.
– Svarar berre far min
– Eg var øydelagd av franske media, kanskje av andre grunnar. Men det er ei anna sak. Eg treng ikkje rettferdiggjere meg sjølv.
– Eg skal svare overfor far min, han er 80 år og forstår ikkje kva som går føre seg rundt meg. Men han er den einaste eg kjem til å svare på spørsmål om denne saka, sa Valcke.
Nyleg vart det offentleggjort dokument som viste at Valcke skal ha vore mellommann av formidling av 10 millionar dollar frå Sør-Afrika til Jack Warner. Det har ført til spekulasjonar om det har hatt samanheng med tildelinga av fotball-VM i 2010, men dette har både Valcke og FIFA nekta for.
Dette har kome fram i samband med
, først og fremst knytt til .– Sorry, men eg har ikkje fleire svar i denne saka. De har bestemt at etter
er mitt hovud det neste som skal falle? Det er greitt, men då bør de seie det rett ut, sa generalsekretær Valcke.– Og ikkje bruk dei 10 millionane mot meg. Eg verken avgjorde at pengane skulle overførast eller korleis dei skulle brukast, la han til.
FIFA har allereie avgjort at VM i Russland og Qatar skal gå sin gang, trass i politietterforskinga som er i gang.
. VM 2026 skulle etter planen bli tildelt sommaren 2017.