«Borte bra, heime best» gjeld ikkje for Sogndal

Sogndal er det einaste laget i eliteserien som sankar fleire poeng på bortebane enn på heimebane.

Malick Mane

BEST BORTE: Malick Mane og Sogndal tek fleire poeng i bortedraktene, enn med sine vande kvite og svarte heimedrakter. Her frå helgas oppgjer på Alfheim mot Tromsø.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Det er tabellen sin klare tale etter over halvspelt eliteserie. På framand gras er det blitt 12 poeng, medan det heime på Fosshaugane Campus er blitt ti poeng.

Kaptein Rune Bolseth har ikkje noko godt svar på kvifor det er slik.

– Det er vanskeleg å seie. Eg veit ikkje, seier han.

– Vi er effektive

For der det vanlegvis er på heimebane poenga skal sikrast, og alle poeng på bortebane er ein bonus, har det vore stikk motsett for Sogndal i år.

Og søndag tok laget nok eit sterkt bortepoeng på Alfheim. Tromsø er eit av eliteseriens beste heimelag, men måtte kjempe seg til 2-2 mot saftlaget .

– Vi har vore veldig effektive på bortebane, kontra heimebane. Det er litt av skilnaden. I dag får vi ikkje noko god start på kampen, men vi set dei to første sjansane vi har. Då får vi kampen dit vi vil, seier Bolseth.

– Hadde blitt gull

Sogndal ligg på ein sjuandeplass på tabellen – fem poeng over nedrykksstreken dei før seriestart var spådd å hamne under. Etter 16 seriekampar har dei tre lag bak seg på «heimetabellen».

Azar Karadas

SPISS: Azar Karadas.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

På bortebane er det derimot berre serieleiar Rosenborg som har teke fleire poeng. Sogndal har sterke bortesigrar mot Molde og Haugesund, medan det også kan vere verdt å ta med at dei gav vekk ei 2-0-leiing mot både Lillestrøm og Tromsø.

– Det hadde vore bra å vore beste heimelag også. Då hadde det blitt gull, gliser kraftspissen Azar Karadas.

Vil vere best

Med andre ord er det ingen andre lag i eliteserien som sankar fleire poeng borte, enn dei gjer heime. Til dømes har Brann full pott med 24 poeng heime, men usle to poeng borte.

Sogndal-trenar Jonas Olsson

TRENAR: Jonas Olsson.

Foto: Arve Uglum (MMS-foto) / NRK

Trenar Jonas Olsson seier at spelarane og trenarteamet gler seg til kvar bortekamp.

– Vi går ut og gler oss til kvar ein kamp, og vil gjere det bra, seier han.

– De er nest beste bortelag. Visste du det?

– Ja, det var nokon som nemnde her. Men vi vil jo aller helst vere best.

Fotballnyheter