NRK Meny
Normal

Her reddar Polens reservekeeper eitt poeng i opningsdramaet

Mykje tyder på at polske Przemysław Tytoń her toppar tidenes mest dramatiske opningskamp i eit EM.

FBL-EURO-2012-GRE-POL-MATCH01

RAUDE CARBALLO: Spanske Carlos Velasco Carballo delte ut to raude kort i opningskampen i EM.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

Polsk sjokkopning, eit kontroversielt raudt kort, eit dramatisk raudt kort, eit utruleg gresk comeback og ein påfølgjande spolert sjanse til å avgjøre det heile.

Få såg for seg at spenninga skulle stå i høgsetet i forkant då EM blei sparka i gang fredag kveld.

Men kyniske Hellas, målhungrige Polen og ein dommar med stor trang til å vise fram kort sørga for at meisterskapen fekk ein pangstart.

Opningskampen hadde rett og slett alt eit oppgjer kan innehalde.

Utvisingssjokk for Hellas

Spanske Carlos Velasco Carballo er kampleiaren med renommé for å vise ut spelarar over ein låg sko.

La Liga dommaren dømte 19 seriekampar 2011/2012-sesongen, og delte ut heile 16 (!) raude kort.

Trenden held fram i Warszawa fredag, først og fremst til stor frustrasjon for Hellas.

For på 1–0 til Polen oppstod denne situasjonen:

***44. minutt: Polen, som leier 1-0, angrip mot eit Hellas i ubalanse. Midtstoppar Papastathopoulos Sokratis dyttar litt i Murawski og får sitt andre gule. Det ser ganske billig ut. Det første gule verka også ganske strengt.

Overkøyring med Lewandowski i spissen

I tillegg hadde Polen til då overkøyrd grekarane, som tok seg til EM utan å tape sina einaste kamp.

FBL-EURO-2012-GRE-POL-MATCH01

Przemysław Tytoń spent før straffa som gjorde han til helt i Warszawa fredag kveld.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp
FBL-EURO-2012-GRE-POL-MATCH01

Georgios Karagounis riv seg i håret etter å ha missa straffa som kunne gje Hellas tre høgst overraskande poeng mot Polen.

Foto: CHRISTOF STACHE / Afp

Stjernespissen Robert Lewandowski, som herja i angrep for dei kvite allereie frå start, fekk hol på byllen etter 17 minutt, og stanga inn leiinga til ellevill jubel frå tusenvis av heimefans.

Hellas gjekk med det til pause, sjokkslagne og frustrerte over ei høgst kontroversiell dommaravgjerd.

Comeback-Hellas

Landslagssjef Otto Rehhagels menn er kjend for å vere kyniske, rå i stilen og for å aldri gje opp. Betalt fekk også fem minutt ut i andre omgang.

Dimitrios Salpingidis banka ballen inn bak keeper Wojciech Szczesny til 1–1. Og dermed var det Polen sin tur til å stå sjokka tilbake.

Polens store helt

Frustrasjonen blei ikkje mindre då dette skjedde etter 68 minutt:

***Salpingidis blir spelt heilt fri inne i boksen. Szczesny rusar ut og feller innbytaren.

Ikkje uventa var dommar Carballo raskt på plass etter situasjonen. Spanias «kortkonge» valde å vise ut keeper Szczesny, og gje straffespark til Hellas.

Inn kom reservekeeper Przemysław Tytoń for å redde det polske folkets ære.

Eit titals sekund etterpå hadde han gjort nettopp det.

Straffeskyttar Georgios Karagounis reiv seg i håret då Tytoń fekk nevane på ballen, og sistnemnde kunne hovere til publikum som truleg gjev mannen heltestatus ei god stund fram i tid.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.