NRK Meny
Normal

Stadfester Barca-overgangen

Både Thierry Henry og Arsenal stadfesta laurdag at den franske spissen skal til Barcelona.

Thierry Henry stadfester overgangen
Foto: ANDREW YATES / AFP

Overgangen vart kjend fredag, men ingen av partane ville då kommentere saka.

- Alle partar er samde om vilkåra, men kontrakten er enno ikkje signert, seier Henry til avisa L'Equipe.

- Eg er lei meg for at eg reiser frå Arsenal. Eg skulle ha vore der resten av mitt fotballiv. Eg ønskte ikkje at saker og ting skulle utvikle seg slik. Men eg er også klar for nye utfordringar. Og eg valde Barcelona for fotballen dei spelar, og for klubbens historie og stadion, seier Henry.

Wenger og Dein

Franskmannen forklarar overgangen med uroa i klubben, ei uro som førte til at direktør David Dein forlet klubben i april, og at manager Arsene Wenger heller ikkje vil forlenge kontrakten, som går ut om eitt år. Begge desse er personar Henry har eit nært forhold til. 

- Det var no eller aldri for meg, og dessverre vart det no, skal Henry ha sagt.

Det er eit dobbelt slag for Arsenal, skriv Reuters-kommentator Trevor Huggins. I tillegg til at klubbens toppscorar blir borte, har han også blåst liv i rykta om turbulens bak kulissene i storklubben frå London.

Amerikansk finansmann

For bak Deins avgang lurer den amerikanske finansmannen Stan Kroenke, som er i ferd med å kjøpe seg opp i klubben. Dein var rekna som "Kroenkes mann", men vart frosen ut av resten av styret.

Og i tillegg hintar Henry om at Wengers dagar som manager nærmar seg slutten. Wenger har vore Arsenal-sjef sidan 1996, og saman har Wenger og Dein løfta klubben til ein klubb i europeisk toppklasse.

"For berre nokre få månader sidan hadde det vore vanskeleg å tenkje seg Arsenal utan Dein og Henry. No er dei borte. Og med Wanger også i faresona, gir dette utsikter som får det til å gå kaldt nedetter ryggen på Arsenal-fansen", skriv Huggins.

Tidenes toppscorar

Henry var toppscorar i Premier League i fire av fem sesongar frå 2001 til 2006, og skreiv under ein ny fireårskontrakt med Arsenal etter tapet i meisterligafinalen mot nettopp Barcelona i mai i fjor. Også då ønskte Barcelona franskmannen, men han takka nei.

Henry kom frå Juventus for åtte år siden, og er Arsenals toppscorrar gjennom alle tider med 226 mål på 369 kampar.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia