NRK Meny
Normal

– Europeiske toppklubbar jaktar tidenes yngste eliteseriespelar

Storklubbar frå hele Europa jaktar 15-åringen Zymer Bytyqi som i går debuterte for Sandnes Ulf i eliteserien.

Zymer

– Eg håpar han får med seg eit par sigrar før han drar herfrå, seier trenar Asle Andersen om talentet Zymer Bytyqi (biletet).

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix

– Det var veldig kjekt. Eg hadde ein god følelse, sa Bytyqi til NRK etter å ha blitt tidenes yngste spelar i eliteserien søndag.

77 minutt ut i oppgjøret mellom Sandnes Ulf og Haugesund, fekk 15-åringen prøve seg på øvste nivå i norsk fotball.

– Håpar han får med seg nokre triumfar før han reiser

Trenar Asle Andersen har lenge ønska å få gje ungguten ein sjanse på toppnivå.

– Det er kjekt for både han, familien hans og oss andre i Sandnes at vi får gje eit slikt vanvittig talent ein slik moglegheit. Eg håpar han får med seg eit par sigrar før han drar herfrå, seier Andersen.

Heitt namn for europeiske toppklubbar

For det vil truleg ikkje ta lang tid før Bytyqi forsvinn frå den nyopprykka rogalandsklubben. Toppklubbar frå heile Europa har lenge vist interesse for talentet, fortel trenaren.

– Dei største klubbane i Europa er ute og jaktar store talent, og når ein ser Zymer spele med folk på sin alder er han veldig god. Difor er han eit heitt namn for mange europeiske storklubbar, seier Andersen.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.