NRK Meny
Normal

Heime for å hente cuptrofeet

Crystal Palace-spelar og landslagsback, Jonathan Parr, er ein av få som har begge cuptroféa med AaFK. I går var han på plass på Ullevål for å få med seg pokalen heim til London.

Video Cupfeiring i Aalesund

Cupfeiring i Aalesund

Parr spelte dei innleiande rundene og er dermed cupmeister for dei oransje også i år.

– Det er veldig fint å ha vunne. Full fortent siger til Aalesund i ein meget god kamp. I tillegg er det moro at eg får mitt andre cupgull, seier Parr.

Les meir under biletet!

Aalesund

Jonathan Parr takkar lagkameratane i Aalesund for cuptroféet.

Rekdal i tusen

Frå tribuna på Ullevaal fekk han sjå praktfotball av sitt gamle lag. Ein fotball trenar Kjetil Rekdal omtalte som tidenes beste.

– I dag var vi gode. Fy f*** den 1. omgangen vi spelte i dag er noko av det beste eg har sett av laget mitt. Det er bare å ta av seg hatten, sa Kjetil Rekdal til NRK like etter kampen.

  • SJÅ VIDEO:
Video Pokalen løftes

Pokalen blir løfta på Ullevaal

– Andre omgang var også topp

Men Rekdals tidlegare elev er ikkje med på at det kun lukta superlag av Aalesund i 1. omgang.

– Eg synst andre omgang også var topp, eg. No har eg ikkje fått sjå så mykje av Aalesund etter eg reiste til England, men det var heilt klart ein kjempegod kamp. Brann skaper ingen ting. Fullt fortent Aalesund-siger, seier Parr.

– Korleis er det det å ha to cupgull i lomma?

– Det er veldig fint. Det er vel bare eg, Jonatan Tollås, Petter Orry Larsen og Amund Skiri som har to, seier Parr.

Fotballnyheter