– Dommaren si oppfatning av situasjonen er at dette er «voldsom oppførsel» og der støttar eg Ken Henry Johansen 110 prosent, seier Terje Hauge til NRK.
Strømsgodset slo Haugesund 2-0 heime på Marienlyst stadion søndag kveld, men resultatet kom i skyggen av «Dytten i Drammen» mellom Haugesunds to spelarar.
Keeper Per-Kristian Bråtveit blei fly forbanna på lagkamerat Haris Hajradinovic då bosniaren laga straffe. Hajradinovic dytta deretter til Bråtveit i ansiktet og fekk raudt kort av dommar Ken Henry Johansen.
NFF skal sjå nærare på situasjonen
– Han blir utvist for «voldsom opptreden». Det treng ikkje vere eit slag for å bli utvisning. Og dersom dommaren si oppfatning er at dette er ein «voldsom opptreden» så har han all rett til å vise han ut, seier Terje Hauge, som likevel understrekar at fagruppa i Norges fotballforbund skal sjå nærare på situasjonen før den endelege disiplinærstraffa kjem tysdag ettermiddag.
Fleire har også reagert på Haugesund-keeper Per-Kristian Bråtveits oppførsel under kampen.
Hauge meiner det kan diskuterast om oppførselen burde kvalifisert til gult kort.
– Men då måtte det ha blitt reagert der og då. Vi kan jo vere einig i at keeperen provoserer - i dette tilfellet medspelaren sin. Og når du provoserer, så opptrer du usportsleg. Og her igjen kan vi diskutere om keeperen skulle hatt gult kort for usportsleg oppreden, seier Hauge.
Og i Haugesund-leiren reagerer dei sterkast på Bråtveits oppførsel dagen derpå.
– Akseptere straffa uansett
Trenar Mark Dempsey seier 20-åringen ikkje får fleire kampar under han dersom hendinga gjentek seg.
– Han er klar over at eg ikkje kjem til å akspetere dette - dersom det skjer ein gang til. Eg har snakka med han om det. Men han har lov til å gjere èin feil. Han er fortsatt ein ung spelar, og han kjem til å lære av dette, seier Dempsey til NRK.
Dagen derpå er Haugesund-trenaren opptatt å legge klammeriet mellom lagkameratane bak seg.
– Dette var ein tullete situasjon, og uakseptabel oppførsel av begge to. Per-Kristian gjer ein oppheta situasjon berre verre ved å konfrontere sin eigen lagkamerat på den måten. Men vi har snakka om det. Vi har lagt det bak oss. Og ser framover til neste kamp på fredag mot Sogndal, seier Dempsey.
Der må han klare seg utan angripar Hajradinovic som no ventar på disiplinærstraffa frå Norges Fotballforbund.
– Vi kjem til å akseptere straffa uansett kva den blir, seier Haugesund-sjefen.