Hopp til innhold

Supporter med stort hjarte for klubben: Har gitt 400.000 kroner på eitt år

Han har det siste året sponsa sin engelske favorittklubb med totalt 30.000 pund. Klubben spelar på nivå 8 i ligasystemet. Are Guttelvik er ikkje heilt som andre fotballentusiastar.

Are Guttelvik og Dave Holland

KONTRAKT: Her signerer Are Guttelvik og styreleiar David Holland kontrakten om doneringa på 10.000 pund til klubben

Foto: Will Baines / Scarborough Athletic

20.000 pund spytta han inn i Scarborough Athletic før sesongen i fjor. Denne veka har han gått inn med 10.000 til.

Med dagens kurs nærmar det seg 400.000 kroner i løpet av eit års tid.

– Kanskje kan det hjelpe oss til å lønne eit par spelarar til, seier han.

– Men det er på vilkår av at lokale krefter går inn med like mykje. Den lokale tilknytinga er viktig, og alle må hjelpe til så godt dei kan, seier Guttelvik til NRK.

Supporterstyrt klubb

Are Guttelvik

STOLT SUPPORTER: Are Guttelvik klar for kamp i Scarborough. Han tek turen over til Scarborough rundt 15 gonger i året

Foto: Will Baines / Scarborough Athletic

Scarborough Athletic spelar i Northern Premier League Division One North. Det er åttande nivå i ligapyramiden. Klubben er fullstendig supporterstyrt, og Are Guttelvik er ein av dei fremste supporterane.

I vår kåra Supporterunionen for engelsk fotball Are Guttelvik til årets supporter for førre sesong.

I engelske media denne veka stod det at pengane han set inn, skal hjelpe klubben med ny bane. Det er berre indirekte rett.

– Det pengane først og fremst skal gå til, er lønningar og anna sportsleg satsing. Dei utgiftene er ikkje så store på dette nivået. Bana som skal byggjast, er kommunal, men vi må vise at det er mykje som skjer i og rundt klubben, og at kommunen gjer rett i å hjelpe oss til å kome heim. Investeringane er derfor viktig for framdrifta, seier Guttelvik.

Scarborough Athletic is the club I love, and I want us to succeed. In fact this year I honestly think our Managers can take us all the way to promotion; I hope my donation will make that task a little bit easier.

Are Guttelvik, Scarborough-supporter / scarboroughathletic.com

Tre mil til heimebana

Sidan klubben vart stifta i 2007 har Scarborough Athletic spela heimekampane i Bridlington, rundt tre mil unna. No er kommunen i gang med å byggje ny bane i byen. Den skal etter planen ha rundt 2000 plassar og stå ferdig på nyåret i 2017.

Det er ein dag Guttelvik ser fram til.

– Eg håpar at det vil skaffe oss fleire supporterar. Vi har ambisjonar om å kome oss oppover i ligasystemet, men vi må skunde oss langsamt, seier han.

– Om vi greier å få 30-40 fleire tilskodarar regelmessig på kampane, vil det gjere in stor skilnad for klubben, seier han til scarboroughathletics.com.

Klubben hadde 1118 tilskodarar i snitt på kampane sine i Bridlington sist sesong – det er det klart meste dei har hatt.

– Uvurderleg

Scarborough Athletics

VALSPRÅK: «No battle, no victory» er klubbens motto. No får dei snart eiga bane å kjempe på, og vil oppover i ligasystemet

Styreleiaren i klubben, Dave Holland, er svært glad og takksam for Guttelviks bidrag.

– Det er uvurderleg for klubben når vi går inn i den forhåpentleg siste sesongen i Bridlington. Are ser kor viktig det er med gode kontakter inn mot kommunen. Klubben ser at ei flytting tilbake til Scarborough kjem nærmare når vi har meir å tilby ein forretningspartnar, seier Holland.

Are Guttelvik kjem opprinneleg frå Molde, men jobbar som matematikk- og naturfaglærar på Lørenskog. Han budde ei stund i Yorkshire, men utan å ha fått noko favorittlag i England.

– Så la eg merke til at Scarborough rykka opp i ligaen i 1987 – det aller første laget som gjorde det etter at resten av ligasystemet vart knytta til The Football League. Eg hadde aldri vore i den byen før, sjølv om han ligg i Yorkshire. Då tenkte eg at her var laget eg vil følgje, seier han.

Scarborough er ein tradisjonell badeby og ferieby ut mot Nordsjøen nord i England.

Følgde klubben eit heilt år

Første turen over til Scarborough gjekk i 1989.

– Og så har det berre balla på seg, seier Guttelvik. I sesongen 2013-14 tok han permisjon utan løn for å følgje laget i alle kampane, og dei siste åra har han elles vore over rundt 15 gonger årleg.

– Det er ingen vits i å spørje kvar eg skal på ferie. Det blir Scarborough, anten det er sommarferie, vinterferie eller juleferie, seier han.

I løpet av desse åra har han også grunnlagt ein norsk supporterklubb som i dag tel 130 medlemer.

Dramatisk nedrykk vart vendepunkt

Scarborough heldt seg i ligaen i 12 år, men vart den tapande parten i eit ekstremt tett nedrykksdrama i 1999.

Med 1-1 i siste kamp var dei på trygg grunn då fløyta gjekk. Men på grov overtid i ein annan kamp gjekk keeper fram på ein corner og scora for Carlisle. Dermed måtte Scarborough ned til Conference (nivå 5).

Nedturen heldt fram. Berre nokre få enkelte lyspunkt var å spore i dei neste åra, mellom anna cupkampen mot Chelsea i 2004. Kampen vart vist på Sky, og Chelsea vann berre 1-0.

– Vi tente gode pengar på den kampen. Men dessverre var det litt for mange av leiarane som tok ut litt for store utbyte til seg sjølv, seier Are Guttelvik.

Konkurs og ny klubb

David Thompson

HISTORISK: Dave Thompson scorar det aller første ligamålet for Scarborough Athletic etter oppstarten i 2007

Foto: Seadog41

Det gjekk utforbakke med klubben, som gjekk konkurs i juni 2007.

– Då bestemte supporterane seg for å starte ein ny klubb. Vi var rundt 450 stykke som stod bak initiativet, seier Guttelvik. Klubben blei skipa berre to veker etter konkursen, tok namnet Scarborough Athletic, og adopterte også dei gamle raude draktfargane.

Men bane hadde dei ikkje. Den hadde gått med i dragsuget til den gamle klubben, og kommunen hadde overteke. I staden vart det tur til Bridlington kvar heimekamp.

No er Scarborough Athletic på nivå 8, og vart nummer seks i si avdeling i fjor, to små poeng unna playoff. Det er klubbens beste plassering.

I år er det opprykk som gjeld. Første ligakamp i den nye sesongen blir spela i dag.

– Kan kome tilbake til ligaen

– Skal vi rykke opp, må vi vel også ha ein administrasjon, seier Guttelvik. – Vi har ikkje eingong ein dagleg leiar.

– Kor langt oppover i ligasystemet trur du klubben kan kome?

– Til League Two (nivå 4), kanskje. Der har vi vore før. Eller til og med League One, om vi har dei rette folka i rett posisjon, trur han.

Banesaka har vore sentral heilt sidan dagens klubb vart stifta. Men det har vore vanskeleg, for reguleringsplanene har kravd at området for den gamle bana skal brukast til idretts- og friluftsføremål. Derfor har det vore vanskeleg for kommunen å selje.

– Først no heilt nyss er det i orden. Reguleringsplanene er omsider endra, og området kan seljast til andre føremål. Derfor har kommunen no endeleg råd til ny bane. Det blir stort for klubben, seier Guttelvik.

Ikkje styremedlem

Guttelvik er ein svært sentral mann i klubben, men han er ikkje styremedlem. Ikkje enno, iallfall.

– Nei, det ville ikkje gått når eg bur i Norge. Det er også viktig med størst mogeleg lokal forankring.

– Men eg ser ikkje bort frå at eg kjøper hus og flytter dit når eg blir pensjonist, seier Are Guttelvik.

Fotball

  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland