NRK Meny
Normal

Ekstatisk Solskjær: – Vi er tilbake

Ei vakker scoring og ein keeper i verdsklasse gjer at håpet lever for Cardiff. No er Solskjærs menn berre tre poeng unna sikker plass.

Ole Gunnar Solskjær

Håpet lever framleis for Ole Gunnar Solskjær og Cardiff. 1-0-siger borte mot Southampton var nær vinn eller forsvinn for den walisiske klubben.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi klora oss opp til berre tre poeng bak Norwich og fire poeng bak West Bromwich og Swansea – og det er framleis fire kampar igjen. Før i dag trur eg ikkje mange trudde på oss, sa Ole Gunnar Solskjær etter kampen.

For det var vinn eller forsvinn for Cardiff. Southampton dominerte første omgang og var best også i andre omgang, men det var Solskjær sine menn som scora.

Den avgjerande scoringa kom etter 65 minutt, og scoringa var av den vakre sorten. Det starta med eit frispark skrått på 40 meters hald.

Frisparket blei først klarert, men på 18 meter stod Cardiff-forsvarar Juan Cala klar. Han var feilvendt, men fekk snudd kroppen og banka til med venstrefoten. Keeper Paulo Gazzaniga var sjanselaus og ballen fauk hardt opp i nettet og til 0–1.

– Målet gav oss noko å henge fast i. Det gav sjølvtillit, ekstra energi og ein «boost». Vi viste at vi framleis har trua, fortalde Solskjær etter kampslutt.

Cala-susaren blei den einaste scoringa i kampen, og etter nervøse siste 25 minutt kunne Solskjær sleppe jubelen laus. Like etter kampslutt viste TV-bilda ein ekstatisk Solskjær som klemte heile støtteapparatet.

Cardiff mot Southampton

Cardiff gjekk hardt til mot Southampton. Her er Frazier Campbell i duell med Southampton-keeper Paulo Gazzaniga.

Foto: Chris Ison / Ap

– Du høyrde supporterane på slutten når dei blei klar over resultata i dei andre kampane. Dei veit at vi no er tilbake i kampen om sikker plass, kommenterte Solskjær.

Tverrliggar og super-Marshall

Det enda 0-1, men sigeren var langt frå fortent. For Southampton kunne leia både 1-, og 2–0 berre til pause.

Etter 22 minutt blei eit skot frå Adam Lallana berre hindra av tverrliggaren, medan Cardiff-keeper David Marshall gjentekne gonger var på plass og avverja.

Marshall har kanskje vore det walisiske laget sin beste mann i år, noko han verkeleg viste på St. Mary's denne laurdagen. Til pause stod det 0–0.

Utover i andre omgang var Cardiff betre med, og Jordan Mutch var nære med eit langskot etter 60 minutt for gjestane. Så kom 0-1-scoringa til Cala – og hardt press frå Southampton med på kjøpet.

Gjentekne gonger var Marshall på plass, viktigast etter 77 minutt. Innbytar Sam Gallagher lurte offsidefella, og åleine gjennom hindra ei fantastisk redning 1–1.

Cardiff-innbytar Wilfried Zaha kunne laga 0–2 for Cardiff like før, men det var heimelaget som fortente scoring. Kompakt og godt defensivt arbeid, saman med ein glimrande Marshall, gjorde derimot at Cardiff fekk med seg alle poenga.

Saka held fram under bildet.

David Marshall

Cardiff-keeper David Marshall får enormt med ros av manager Solskjær.

Foto: REBECCA NADEN / Reuters

– Éin av dei beste

Solskjær sjølv var full av ros når han blei spurt om eigen keeper.

– Han er éin av dei beste keeperane i ligaen. Han har heldt oss inne i mange kampar, og redninga nede til venstre er kanskje den beste i dag, meinte Solskjær.

Nordmannen meiner keepertrenar Richard Hartis har vore med og utvikla han til ein superkeeper.

– Han les spelet veldig bra og har utvikla seg veldig under Richard, slo Cardiff-manageren fast.

Såg nedrykket i horisonten

Keeperen sjølv var svært fornøgd med tre poeng. Direkte på Sky Sports etter kampen var han tillegg svært direkte på Cardiff sin situasjon.

– Om vi ikkje hadde tatt tre poeng ville vi ha rykka ned, sa Marshall.

Han meiner laget sleit stort i første omgang.

– St. Mary's er ein tøff stad å vere bortelag, og vi hadde nok med å forsvare oss i første omgang.

Så kom derimot Cardiff-scoringa midtvegs i andre halvdel.

– Juan sin skotteknikk er fantastisk, han trenar mykje på det. Han har poppa opp med nokre mål, men denne scoringa var spesielt viktig! No er eg berre letta over tre poeng, det kjennest fantastisk, avslutta Marshall.

Vincent Tan

Cardiff-eigar Vincent Tan har hatt liten grunn til å smile i vår, men sigeren over Southampton gjer at sjølv malaysiaren kan ta ein pust i bakken.

Foto: REBECCA NADEN / Reuters

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.