I føremiddag blei det endeleg bestemt at Sepp Blatter får stille til attval som einaste kandidat i FIFA-valet.
Les:
Det får ikkje landslagskaptein Brede Hangeland til å hoppe av glede.
– Eg synst at eit kvart val burde innehalde meir enn ein kandidat, seier Hangeland.
– Kva meiner du bør gjerast i FIFA?
– Ein kunne skifta ut heile gjengen, seier Hangeland med eit smil om munnen.
Er du einig med Hangeland? Stem og diskutér nedst i artikkelen!
Hangeland: – Ikkje fair play i FIFA
Det stormar kraftig rundt Blatter og leiinga i fotballens øvste organ.
Etter at Blatters høgre hand og FIFAs generalsekretær, Jerome Valcke, skreiv i ein epost at Quatar kjøpte stemmene til VM 2022 er krisa større enn nokon gong.
Måndag sa Blatter dette i ein pressekonferanse:
– Krise? Kva er ei krise? Viss nokon vil skildre kva ei krise er, vil eg svare, sa Blatter, og la til:
– Om du såg finalen i meisterligaen, må du applaudere. Det var fair play. Vi er ikkje i krise, bare i vanskar. Og de vanskane vil vi løyse innan familien, sa Blatter.
Brede Hangeland ser ikkje mykje fair play i FIFA.
– Den «fair-playen» ein prøver å utøve på bana rundt om i verda burde smitta over lenger opp i systemet, seier landslagskapteinen.
Pinleg
I førre veke blei visepresident Jack Warner og presidentkandidat til dagens val, Mohammed bin Hammam, suspendert og sett under etterforsking for korrupsjonsverksemd.
Hangeland veit ikkje kva som er viktig å gjere for å få endre kulturen i FIFA, men synst det er pinleg å sjå at styre og stell på toppen av bransjen er så dårleg.
– Dei mange skuldingane mot FIFA er noko vi utøvarar ikkje er stolte av å vere ein del av, seier Fulham-proffen.
– Kva håpar du skjer i FIFA?
– Eg håpar dei gode kreftene vinn fram. Det er viktig at vi kan få eit styre i fotballen som vil fotballen best og ikkje held på med alt anna, seier Hangeland.
– Kunne vore forutan
Norges Fotballforbund har lang tid i før presidentvalet sagt at dei vil stemme på Blatter som er FIFA-valets einaste kandidat.
Hangeland sit ikkje med det same inntrykket av Blatter som NFF tilsynelatande gjer.
– Det inntrykket ein får av Blatter får ein gjennom media. Det er vanskeleg å skape seg eit godt inntrykk av det, men dette styret kunne ein godt vore forutan, seier Hangeland.