– Dette viser igjen at norsk fotball har ein veg å gå når det gjeld økonomisk fair play, og dei moralske verdiane vi ønskjer å stå for. Dette er ting vi må vise i handling, og her bør toppklubbene i eliteserien gå framst i rekka. Der må vi bli mykje betre, seier Hallén.
Påtalenemnda ønsker likevel å forfølgje Rosenborg i Gunnarsson saka. Torsdag ba dei om meir informasjon om klubbens rolle.
Det skjer etter at Rosenborgs sportslege leiar, Erik Hoftun, innrømma at han visste om Stabæks vidaresalsavtale med Nancy då trønderane la inn eit kunstig bod på Veigar Páll Gunnarsson.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil sette moral og etikk på dagsorden
Fotballpresident Yngve Hallén er overraska over at saka har eskalert.
– Ein blir jo skuffa når ein ser dette. Eg har ikkje tilgang til dokumentasjonen her. Det er det Påtalenemnda som har. Men sjølvsagt er det ikkje greitt at ein sak utviklar seg på denne måten, seier Hallén.
Han påpeiker at det kan bli aktuelt å sette moral og etikk på dagsorden i norsk fotball.
– Vi har sett økonomisk fair play høgt på dagsorden, og innført eit finansielt oppfølgingssystem. Dette har auka bevisstheit rundt økonomien i norske toppklubbar. Vi må nok vurdere om vi skal gjere noko liknande når det gjeld det moralske og dei verdiane norsk fotball skal stå for, seier Hallén.
No venter han spent på kva Påtalenemnda og Doms- og Sanksjonsutvalet kjem fram til.
– Heile vegen har eg vore tydeleg på at dette er ein alvorleg sak for norsk fotball. Slike saker må ryddast av vegen med full openheit. Jo raskare ein får klarert saka, jo enklare blir det å gå vidare, seier han.
Får støtte av omdømmeekspert
Omdømmeekspert Elizabeth Hartmann meiner Rosenborgs rolle i Gunnarsson-saka er med på at norsk fotball blir skadelidande.
Ho meiner fotballens omdømme blir svekka i større grad, når det no er tre klubbar som er involvert.
– Gjennom det sit ein igjen med inntrykket av at det er ein sterkare ukultur, i og med at fleire har vore involvert og villig til å tenke i desse banar. Dette ikkje eit enkeltståande tilfelle som er lett å bortforklare.
- SJÅ VIDEO:
– Reknar med at alle vil ha dette ut av verda
At Påtalenemnda først ikkje ville etterforske Rosenborg ytterlegare, overraska idrettsjuss-ekspert, Kenneth André Leren. Han meiner at Rosenborg ikkje bør slippe noko billegare unna enn Stabæk og Vålerenga.
Om Rosenborg bør få mildare behandling, vil ikkje Hallén gå nærare inn på.
– Dette er opp til Påtalenemnda å vurdere. Det er dei som er fagleg kompetente til å ivareta denne saka, seier Hallén.
– Kva tenker du om Erik Hoftuns rolle i dette?
– Eg har ingen kjennskap til dette ut over det eg har lese i media. Eg vel å uttale meg på bakgrunn av det klubbane har gjort, seier Hallén.
– Er du trygg på at vi har fått all informasjon ut i denne saka?
– Det vi har visst heile vegen er at det har vore tre klubbar involvert i denne overgangen. Då reknar eg med at alle tre er innstilt på å få dette ut av verden ved å legge all informasjon på bordet, seier Hallén.
- LES OGSÅ: