Bjørndalen-trener redd for å bremse skiskytterkongen

Ole Einar Bjørndalens personlege trenar er klar til å gje gass i to år til saman med «Kongen av skiskyting». Men er livredd for å bli ein bremsekloss.

Roger Grubben og Ole Einar Bjørndalen

Roger Grubben (t.v) har vore Ole Einar Bjørndalens personlege trenar i mange sesongar. No held samarbeidet fram i to år til. Her frå verdscupopninga i Østersund i 2002.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Roger Grubben

Roger Grubben

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Skal du vere med på reisa så må du vere med på utviklinga. Det er både spanande og krevjande. Du må berre puste ut - og gje gass, seier Roger Grubben til NRK.

Må halde seg frisk

47-åringen er ein av Bjørndalens mest fortrulege menn. Og har i mange år vore ein viktig støttespelar til tidenes skiskyttar.

Grubben gav seg som landslagtrenar etter 2014-sesongen. Men har likevel hatt nær kontakt med evigheitsmaskina frå Simostranda dei to siste sesongane.

Og no blir Grubben ein samtalepartnar for Bjørndalen i to nye år.

– For meg personleg betyr det at eg er nøydt til å utvikle meg vidare som trenar om han skal ha meg i to år til. Eg har ikkje noko val. Ellers blir du ein bremsekloss i hans søk etter utvikling, seier Grubben.

Bjørndalen held fram til OL i 2018. Måler er å prestere på toppnivå. Men fortsatt må mykje klaffe skal 42-åringen lukte på medaljar, meiner Grubben.

– Det blir endå mer utfordrande for han å halde seg frisk. Han kan ikkje gjenta sommaren i fjor for mange gongar (Bjørndalen sleit med bakterie - og luftvegsinfeksjon). Han må halde seg frisk og skadefri. Det er det viktigaste.

– Held han seg frisk er eg ikkje redd for at treningsarbeidet ikkje er godt nok. Då gjeld det berre for oss å gjere fornuftige og rette val for kva han treng for å vere på sitt beste i OL, seier Grubben.

(Saka held fram etter bildet)

Ole Einar Bjørndalen

DOBBEL LYKKE: Ole Einar Bjørndalen held fram karriera og ventar i tillegg barn i oktober saman med kjærasten Darja Domratsjeva.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Knallharde prioriteringar

NRKs skiskyttarekspert Liv Grete Skjelbreid meiner det er Bjørndalens evne til aldri «å sjå seg tilbake» som gjer at han klarar å prestere år etter år.

– Det ikkje mange som har strekt grensene som han. Han er i ein alder der det er utfordrande og motiverande å finne ut kva som fungerer - og ikke fungerer. Det å klare å vere like god som han var for tjue år sidan. Mykje av motivasjonen ligg i at han er nyfiken, meiner Skjelbreid.

Roger Grubben er klar til å ta fatt på to nye år der "vegen blir målet".

– Han har gjort knallharde prioriteringar. Og dette kostar på mange måtar. Han ligg i grenseland av kva han tåler treningsmessig for å kunne utvikle seg vidare.

– Du veit aldri om han kan vidareutvikle seg - eller om kroppen synes at nok er nok. Samtidig er han så godt trent fordi han har levd livet sitt så profesjonelt og bra i mange år. Den biologiske alderen er i alle fall ikkje eldre enn det han er, seier Roger Grubben.

Fotballnyheter

På innsiden

Kippe klikket i garderoben: – Jeg vurderte å fly på kameraet

Frode Kippe (40) stengte seg like greit inne på do etter tapet for Vålerenga. Alternativet var hakket mer brutalt.

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Sarpsborg 08 vant hele 3-0 over Vålerenga borte i semifinalen i cupen onsdag kveld. De møter vinneren av kampen Molde-Lillestrøm som spiller torsdag.
Se alle målene her.
Se alle målene her.