24-åringen frå Lokeren fall saman etter 20 minutt spel i kamp mellom Lokeren og Genk i resevelagsserien måndag. Det vart konstatert hjartestans, og Mertens vart send til sjukehus etter at legane dreiv gjenopplivingsforsøk i ein halv time ute på bana.
Der har han lege i kunstig koma dei tre siste dagane.
– Tilstanden vart stadig verre, og i dag tok familien i samråd med legane avgjerda om å skru av apparata som heldt Mertens i live, seier Lokerens trenar Herman van de Putte.
Bakenga knust av sorg
Molde-spelar Mushaga Bakenga var ein nær ven av Mertens. Han er i djup sorg.
– Eg tenkte at det ikkje kunne skje. Han har alltid stått imot, alltid klart å flire bort ting. Eg var sikker på at han skulle kome tilbake, esier ein prega Bakenga til NRK.
– For nokre dagar siden planla vi at han skulle kome til Molde. Vi skulle vere her nokre dagar og reise litt rundt, seier Bakenga.
– No tenkjer eg at eg må gjere noko for han på fotballbana. No spelar eg ikkje for meg sjølv lenger. Planen var at vi ein dag skulle dra til same klubb og spele saman igjen, seier Bakenga.
Dei to skulle saman planlegge Bakengas bryllaup neste år. Bakenga la ut denne meldinga då dødsfallet vart kjent torsdag ettermiddag:
– Berre for få dagar siden spøkte vi om alt, som vi alltid gjer. Eg kan ikkje vente på å sjå deg igjen. Du forlet meg altfor tidleg, min kvite bror, lunsjbror, Ronaldo. Kvil i fred. I all denne sorga er eg glad at det siste vi gjorde var å spøke og le. Brugge og Belgia ville aldri blitt så bra hadde det ikkje vore for vår tid saman, og det å lære å kjenne deg. Elskar deg bror, og eg vil ta deg med kvar enn eg går. îRipGregory îOneLove, skreiv Bakenga.
Mertens starta karrieren i Anderlecht, men gjekk seinare til Cercle Brugge. Det var derifrå han kom til Lokeren i januar i år.
Han spela fleire landskampar på Belgias U21-landslag.
Hendinga har gjort sterkt inntrykk i fotballen både i Belgia og internasjonalt, og mange minnest han i sosiale media.