Mål og tårer for David Villa i siste kamp

David Villa scora og blei tatt av bana i sin aller siste landskamp for Spania. På vegen mot benken blei det for mykje, han greidde ikkje å halde tårene tilbake.

Villa tatt av banen

Sterkt og vemodig: Mange kjensler bak desse tårene for Davud Villa, som avslutta landslagskarrieren med sitt 9. VM-mål for Spania

Arve Lote byline
Journalist
Laster innhold, vennligst vent..

Det var David Villas siste landskamp. Den brukte han til å setje eit vakkert punktum for karrieren med sitt landslagsmål nummer 59. Så sette han seg gråtande på benken.

– Eg har alltid elska landslaget, og det har vore det eg har drøymt om, sa Villa på pressekonferansen etter kampen.

– Eg skulle gjerne spelt til eg var 55. Men det er umogeleg, og eg må vere realistisk, sa han etter det som var hans siste kamp i den spanske landslagstrøya.

På vegen ut kyssa han det spanske emblemet på landslagsdrakta. Så sette han seg ned på benken og gøymde ansiktet i hendene. Tårene rann.

Det var ei sterk og vemodig avskjedsstund for David Villa.

Landslagsmål nummer 59

David Villa

Vemodig: David Villa får trøyst og takk på benken. Han fekk berre spele ein snau time i sin siste kamp

Foto: JUAN BARRETO / Afp

Han har ikkje fått speletid tidlegare i VM i år. Men mot Australia fekk han sjansen, ettersom landslagssjef Vicente del Bosque hadd gjort mange endringar frå laget som tapte for Chile.

36 minutt ut i kampen sette han inn sitt landslagsmål nummer 59, og hans VM-mål nummer 9 over tre VM. Begge deler er spansk rekord. Legg til fire EM-mål, og Villa er med god margin den spanske spelaren som har scora flest mål i store meisterskap.

Men no er det slutt på landslaget etter 97 kampar, to EM-gull og eitt VM-gull. Etter VM skal han flytte til Australia og spele fotball for Melbourne.

På twitter rann det inn med helsingar og takk etter at 32-åringen gjekk av bana.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Og landslagssjefen får kritikk:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

I skuggen av Villas landslagssorti spela Andres Iniesta sin landskamp nummer 100. Han er den niande spanjolen som rundar hundre landskampar. Mannen som avgjorde VM-finalen i 2010 var også sterkt involvert i Spanias to første mål i dag.

Pliktløp og 3-0

Og kampen? Spania vann 3-0.

Det var tydeleg at dette var eit pliktløp, ein kamp mellom to lag som var slått ut. Dei regjerande meistrane gjorde mange feil, trass lågt tempo. Men etter at Australia var friskast i starten, tok Spania over.

Det stansa på tre, det kunne blitt det doble. Uansett scora Spania tre mål for første gong på 12 VM-kampar. I gull-VM i 2010 scora dei aldri meir enn to, stort sett eitt.

Villas emosjonelle scoring sende Spania i leiinga ti minutt før pause. Iniesta - i sin landskamp nummer 100 - skapte angrepet som Juanfran vidareførte med ein perfekt ball til Villa som scora med hælen.

Spania spikra sigeren med Fernando Torres' 2-0-mål etter 70 minutt. Igjen var Iniesta mannen bak, og pasninga omsette Torres i mål.

Det tredje og siste kom ved innbytar Juan Mata. Spanias tolmodige angrepsspel sprengte til slutt Australias forsvar, og Mata avslutta med eit skot under keeper.

Resultatet betydde ikkje anna enn at Spania vart nummer tre i gruppa og Australia sist. Begge må setje seg på flyet heim.

Australia spilte utan suspenderte Tim Cahill, og var svakare enn i kampane mot Chile og Nederland. Dei må reise heim med tre strake tap.

del Bosque vurderer si framtid

Del Bosque

Vicente del Bosque kan kome til å kungjere at han går av som spansk landslagstrenar dei nærmaste dagane

Foto: MARTIN BERNETTI / Afp

Etter kampen sa Spanias landslagssjef Vicente del Bosque at han tel på knappane om han skal trekkje seg etter VM-fiaskoen for laget han leia til gull i 2010 og EM-gull to år seinare.

– I dei neste dagane eller neste veke reknar eg med å ha kome fram til ei avgjerd, sa han etter kampen mot Australia.

Han sa etter at Spabnia hadde tapt sine to første kampar og var slått ut at det ville få konsekvensar, også kanskje for han sjølv.

Video: Villas 1-0-mål

Villa sender Spania i ledelsen

Video: Torres 2-0-mål

Torres øker ledelsen

Video: Juan Matas 3-0-mål

Mata øker for Spania

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.