Rykta har gått om at den 34 år gamle Liverpool-og England -kapteinen i løpet av neste veke vil annonsere at han er ferdig med landslaget etter VM. Men det avkreftar han.
– Det er ingen sanning i dei rykta. Eg treng meir tid enn som så. Men det som har skjedd her, gjer frykteleg vondt, og eg er nedbroten etter det som har hendt dei par siste vekene, sa Gerrard.
– Eg har snakka med manageren (Roy Hodgson) og bedt om litt tid til å tenkje meg om. Eg vil ikkje ta noko forhasta avgjerd, seier Gerrard.
Må vekk og få VM på avstand
då torsdag. Etter 2-1-tapet og Costa Ricas siger neste dag i VM. Etter siste gruppekampen mot Costa Rica tysdag reiser laget heim.
– Eg treng å kome meg vekk og få dette på avstand før eg bestemmer meg for framtida, sa Gerrard.
– Manageren skal ikkje stå åleine
Han tek saman med dei andre spelarane mykje av ansvaret for det som har skjedd i Brasil.
– Ansvaret må vi ta på skuldrene våre saman. Vi var saman om dette, vi skal ikkje la manageren stå åleine. Vi kjempa saman, vi tek ansvaret saman. No tenkjer vi på fansen, og dei ønskjer iallfall ein siger i den siste kampen. Det skal vi gjere alt for å gi dei, seier kapteinen.
Han spelar sin landskamp nummer 114 i den kampen – ein mindre enn Englands rekord for ein utespelar. Den er det David Beckham som har.
Dersom han får spele, då. Manager Roy Hodgson varslar fleire endringar til kampen mot Costa Rica – ein kamp som er utan annan betydning enn ære og verdigheit for England.
Uansett om han sjølv blir med vidare eller ikkje, er det mykje talent i spelargruppa, meiner han.
– Det er vanskeleg for oss å sjå noko positivt akkurat no. Men vi har mykje å byggje på, vi har spelarar i verdsklasse, og vi har spelarar med potensial i verdsklasse. Ting endrar seg raskt i fotball, seier Gerrard.