NRK Meny
Normal

Gåvepakke til Liverpool

Jussi Jääskeläinen i Bolton-målet gav Liverpool ein pangstart på kampen sundag ettermiddag.

Uheldig målmann
Foto: ANDREW YATES / AFP

Liverpool vann 3 - 1, og tok sin fyrste bortesiger mot mot Bolton på nesten seks år.

SJÅ: NRKs resultatservice

Kløna ballen i mål

Steven Gerrard gav Liverpool leiinga etter 10 minutt. Skotet var tilsynelatande ufarleg, men Jussi Jääskeläinen i Bolton-buret kløna det til.

Han kasta seg etter ballen som hadde retning utanfor målet. På merkeleg vis sendte han ballen opp i lufta og inn i mål.

Gerrard og Ryan Babel hadde gode sjansar til å auke leiinga utover i omgangen, men lukkast ikkje med å sende ballen i nota. Bolton hadde også eit par feite sjansar.

Riise på banen

Eit kvarter ut i andre omgang dobla Liverpool leiinga. Dirk Kuyt sendte av garde eit hardt skot i stanga, returen sette Babel i mål.

I det 75. minutt gjekk Liverpool opp til 3 - 0 ved Fábio Aurélio. Fire minutt seinare reduserte Bolton då Tamir Cohen raga høgast i lufta på eit hjørnespark. Fleire mål vart det ikkje i kampen.

John Arne Riise fekk spele dei 12 siste minutta for Liverpool.

Fotballnyheter