NRK Meny
Normal

Hallén om Qatar-saka: – Fryktar for fotballens omdømme

Fotballpresident Yngve Hallén er redd fotballens omdømme står i fare dersom det viser seg å vere hald i korrupsjonsskuldingane mot Qatar-VM i 2022.

Yngve Hallen

– Vi må vere så ærlege at når det kjem opp på denne måten og blir drøfta, så ligg det ofte noko i det, seier Hallén om mistankane om korrupsjon i samband med at Qatar fekk tildelt fotball-VM

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Heile omdømmet står og fell mykje med den saka. Fotballen er ei fantastisk livskraft og motivasjonsfaktor i heile verda. Det er slikt som dette som øydelegg svært mykje, seier Hallén i eit intervju i Søndagsavisa på NRK P2.

Høyr Søndagsavisa på NRK P2 8. juni kl 11.03 .

Yngve Hallén er medlem i FIFAs etiske komité, og komiteen skal ha møte i samband med FIFA-kongressen i Brasil frå komande tysdag, rett før VM opnar. Der kjem Qatar-spørsmålet til å bli heftig diskutert.

Det var i desember 2010 at FIFA tildelte Qatar fotball-VM i 2022 , samtidig som Russland fekk 2018-VM. Mistankane om at det skal ha skjedd ved hjelp av korrupsjon, har eksistert det meste av tida etterpå, og FIFA sette tidlegare i år i gang ei intern gransking. Granskinga blir leia av amerikanaren Michael Garcia.

Les også: Qatar-VM må truleg spelast om vinteren

Avsløringane i Sunday Times

Sist helg la den britiske avisa Sunday Times fram dokument og utskrifter som dei meinte er bevis for at Qatar skal ha betalt mange afrikanske land til saman 30 millionar kroner for stemmer under røystinga. Det har gjort saka endå meir aktuell og omstridd, og det er derfor Hallén no er redd det skal gå ut over fotballen sitt omdømme.

Les også: Blatter: – Tabbe å tildele Qatar fotball-VM

– Vi må vere så ærlege at når det kjem opp på denne måten og blir drøfta, så ligg det ofte noko i det, seier Hallén.

Rapporten etter Garcias gransking blir ikkje klar før i slutten av juli, og FIFA-president Sepp Blatter vil ikkje seie noko om saka før den er klar.

Qatar sjølv avviser kontant at det skjedde noko som helst ulovleg før og under tildelinga.

Støttar ny tildeling

Men fleire andre har sagt at dersom det blir bevist at det var korrupsjon inne i biletet då Qatar fekk VM, må valet annullerast , og FIFA må gjennomføre VM-avstemminga på nytt.

Les: Australia vurderer VM-søknad etter korrupsjonstrøbbel for Qatar

Mellom dei som går inn for det, er UEFA-president Michel Platini.

Yngve Hallén synest det vil vere det rette.

– Det er slik at når nokon tilrøver seg noko på ulovleg vis, er det heilt vanleg rettspraksis at då skal ein miste det når det blir oppdaga. Dersom det viser seg at Qatar har vore svært aktive og vore inne og styrt denne prosessen til fordel for seg sjølv, er det (å ta frå dei VM, red. anm.) eit naturleg val, seier fotballpresidenten.

Før han set seg på flyet til Brasil for å diskutere Qatar-spørsmålet der.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.