I kveld spelar Norge VM-kvalifiseringskamp mot Albania, og med John Arne Riise ute, er det nå kapteinen Brede Paulsen Hangeland, som kan skilta med flest spelte kampar for det norske landslaget (83).
På landslagssamlinga i Albania fekk Hangeland, i denne samanheng, sjå TV-innslaget NRK laga med han, dagen han skulle spela sin første kamp i norsk toppfotball. Og for ein kamp det blei; Viking slo Rosenborg 4–3.
– Veldig kult
Årstalet var 2001 og 19 år gamle Hangeland var den yngste spelaren på banen.
– Eg hugsar kampen veldig godt. Høgdepunktet med dagen var sjølvsagt at me slo Rosenborg, men den gongen var det jo også ein stor sak at det var eit TV-team som følgde meg, mimrar Hangeland.
– Korleis var det å sjå TV-innslaget?
– Det var veldig kult, eg har faktisk ikkje sett det sjølv før, seier han.
Video: Hangeland om debuten sin og reisa fram til i dag
– Ein drøymer jo om å nå langt
At Brede Paulsen Hangeland i dag er landslagskaptein og proff for Fulham i engelsk toppfotball, hadde han ikkje turt å tippa på denne dagen i 2001.
– Eg hadde nok sett på det som ganske usannsynleg, om du hadde sagt dette til meg den gong. Men som fotballspelar drøymer ein jo sjølvsagt om å nå langt. Det har vore ei veldig fin reise frå den dagen i Stavanger, fram til nå, seier han.
– Kva har tida di i Vidar og Viking betydd for å koma der du er nå?
– Veldig mykje. Det å vera i barndomsklubben min Vidar gav meg mykje godt både på og utanfor banen. Mine fem år i Viking hjelpte meg til å bli forma som fotballspelar.
– Den perfekte kaptein
I dag er fokuset til Hangeland på landslaget og VM kvalifiseringa.
- Les òg:
Dersom han kjem til VM i Brasil blir han den andre ekte siddisen som får oppleva dette etter Erik Thorstvedt, som var med i USA i 1994.
Thorstvedt unner Hangeland å klara dette, med heile hjarta.
– Det fortener ein spelar som Brede. Å koma til eit VM-sluttspel for landslaget er noko som kan sidestillast med å vinna cupen i England. Noko heilt spesielt som ein alltid har med seg som spelar, seier han.
Thorstvedt kallar Hangeland den perfekte kaptein.
– Han har alle dei riktige kvalitetane, og seier dei riktige tinga. Dessutan har han ein flamme i magen, og kan bli skikkeleg forbanna, det er bra, seier Thorstvedt.
Håper Hangeland får oppleva eit VM
Førre Viking-gut som var med i eit VM var Egil Østenstad, i Frankrike 1998. Han både håper og trur at Hangeland kan få med seg eit VM før karrieren er over.
– Det blir nok ikkje denne gongen, men viss Hangeland står på og ønsker det sjølv, trur eg han kan få oppleva eit sluttspel, saman med fleire spanande spelarar som nå er på veg opp, seier Østenstad.
Sjølv om han meiner landslaget har tulla det for mykje til for seg til å nå heilt opp denne gongen, er han ikkje i tvil om at Hangeland er den viktigaste spelaren Norge har.
– Han er ekstremt viktig for landslaget, som den einaste rutinerte spelaren med ei sentral rolle på klubblaget sitt. Dessutan blir han berre viktigare i tida som kjem, sidan han representerer stabilitet i ei tid når landslaget er inne i eit generasjonsskifte, slår Østenstad fast.
Sjølv hugsar han godt debuten til Hangeland. Den gong spelte han i Blackburn, men han fekk likevel sett kampen på TV.
– Det var ein kjempekamp. Eg hugsar at eg visste om Hangeland, og at han gjorde eit solid inntrykk mot Rosenborg, som då var Norges beste lag.