– Det er eit «jätteviktig» signal frå forbundet, seier Maria Karlsson til
. Karlsson spela på Brescia, det eine av finalelaga.Fotballpresident Felice Bellioli har vore i hardt ver for fleire gonger å ha kome med homofobiske og svært nedlatande kommentarar om kvinnefotball. Det førte til at han vart etterforska av fotballforbundet, og det enda i dag med sparken.
«Vi kan ikkje stadig vekk diskutere om vi skal gi dei der lesbiske endå meir pengar», er mellom det han skal ha sagt.
Ville boikotte cupfinalen
Dette har naturleg nok skapt sterke reaksjonar, og ein av dei er trugsmål om boikott av cupfinalen mellom Brescia og Tavagnacco komande helg. Spelarane kravde hans avgang for å spele.
På eit møte i forbundet tidlegare i dag, sa Belloli at han ikkje ville gå av på grunn av dette. Rett etterpå fekk han sparken.
– No er det kravet imøtekome. Så vil dei neste timane vise om finalen kjem til å bli spela likevel, seier Karlsson.
Fotballkvinnene har fått sterks støtte frå mange hald, mellom anna frå fotballikonet
.«Fotball tilhøyrer alle: Menn, kvinner, barn og funksjonshemma», skreiv han på si facebookside.
Verdsomspennande reaksjonar
Ho er glad for reaksjonane Bellolis utsegn har møtt.
– Dei har fått ei utruleg spreiing over heile verda. Dette handlar ikkje berre om Italia, men om kvinner i det heile, seier ho.
Karlsson har tidlegare teke til orde for eit eige forbund for kvinnefotball. No er ho usikker på om det er vegen å gå.
– Det er eit alternativ. Men det kan også fungere om dei no får ein president som jobbar hardt og har eit hjarte for kvinnefotballen – gjerne ein kvinneleg tidlegare spelar, seier Maria Karlsson.