Boikotten er ein reaksjon på splittinga i fotballen i landet, etter at regjeringa har gripe inn i fotballadministrasjonen, mellom anna ved å arrestere fotballpresidenten.
Dette førte til at dommarane i går varsla boikott «fram til fornufta er teken inn att i fotballen». I dag slutta spelarane og klubbane seg til boikotten på ubestemt tid.
Ligaen i Nigeria har tidlegare kome i fokus som
.Fotballen i Nigeria har vore i krise sidan 9. juli, rett etter at Nigeria hadde tapt åttedelsfinalen i VM. Då hadde ein domstol overført fotball-leiinga frå Nigerias fotballforbund til ein regjeringsoppnemnd fotballadministrasjon.
Suspensjonen vart seinare oppheva, noko som mellom anna tillet Nigeria å delta i U20-VM for kvinner, der dei kom heilt til finalen.
Arrestert på veg til møte
FIFA kravde at fotball-leiinga skulle setjast inn att, og tysdag skulle vegen for nigeriansk fotball framover leggast.
Men fotballpresident Aminu Maigari og minst 36 andre utsendingar vart arrestert av politiet på veg til møtet. Dermed vart regjerings-støtta Chris Giwa vald til fotballpresident. To av dei som vart valde inn i styret, har seinare trekt seg, fordi dei meiner møtet ikkje var representativt.
«Han trekte seg»
Maigari vart sett fri dagen etter, men utan forklaring, ifølgje ein talsmann for forbundet.
– Maigari trekte seg, sa sportsminister Tammy Danagogo. Men det trudde ikkje FIFA noko på. Dermed risikerer Nigeria nok ein gong å bli suspendert frå all internasjonal fotball.
Kvalifiseringa til neste Afrika-meisterskap tek til i september. Der er Nigeria regjerande meister, men no risikerer dei å ikkje få delta.
Giwa seier at han ikkje har fått noko formell melding om boikott, og at han derfor tek det for gitt at serierunden komande helg går som planlagt.
– Som eigarar av ligaen erklærer Nigerias fotballforbund at kampane går etter planen, seier Giwa.