Dansken har vore ute heile sesongen med eit stressbrot i ryggen. I dag er det venta at han får nokre minutt på tampen av serieavslutninga mot Aalesund.
- LES OGSÅ:
– Han har hatt ei god treningsveke og blir difor teken med i troppen og set på benken, stadfestar Sogndal sin medisinske leiar, Andreas Foss.
Klar for comeback
Sist 24-åringen entra bana for Sogndal var i nest siste seriekamp i fjor. Då enda kampen i 1-2 tap borte mot Stabæk.
Ganske nøyaktig eitt år seinare kan altså heimepublikumet få gjensyn med den danske driblefanten.
– Ein stressfaktur i ryggen tek månader å lege. No er det ingenting som hindrar han i å spele og eg vil tru at han absolutt klarer nokre minuttar i dag. Ein heil kamp blir nok derimot i meste laget, seier Foss.
Kom att etter skade – vart sjuk
Derimot må Sogndal klare seg utan forsvarsklippa Hannu Patronen, kaptein Rune Bolseth og leigesoldat Magnus Stamnestrø i den viktige kampen mot sunnmøringane. Sogndal
.Finske Patronen var nett komen attende etter skade og vart sjuk onsdag.
– Han mista treningane med laget og vart ikkje tilbake i trening før laurdag. Han kan ikkje gå inn i kampen med berre ei trening i kroppen, seier Foss.