Likevel følte Kanarifuglene seg snytt. Kampen mellom Lillestrøm og Brann endte 1-1.
Brente sjanser
Olivier Occean har fått ein del kritikk i den gule trøya for å skåre for lite mål. Så langt i år har den canadiske kraftpluggen satt ni mål og er med i kampen om toppskårertittelen. Den får han ikkje med avslutninger som i dag.
I tospann med ferske Fellus på topp, brant dei to spissane mange store sjanser i andreomgangen.
På tribunen satt kommande LSK-trener Henning Berg og noterte truleg ordet ”målskårer?” på blokka si.
Nåværende LSK-trener Erland Johnsen var skuffet.
- Jeg føler at vi var nærmest seier. Vi hadde mange sjanser og et feilaktig annullert mål, sa han til NRK etter kampen.
Til slutt var det ein forsvarer som ordna det fortjente poenget til heimelaget.
Vakkert mål
Førsteomgangen var javn, men Brann gjekk i garderoben med ledelsen.
Etter ei skåring som kunne gått rett inn i den klassiske læreboka.
Ein til da svak Rudolph Austin slo langt ned mot venstre dødlinja.
Helten fra torsdagens seier mot Deportivo, Erik Huseklepp, vaka på offsidegrensa, brøyt gjennom og la eit strålende innlegg.
Gylfi Einarsson knuste Steinar Pedersen i lufta og nikka kontant inn 1-0.
Like etterpå fekk Frode Kippe eit mål tvilsomt for offside.
- Nå må dommerstanden skjerpe seg, sa LSK-trener Johnsen om den situasjonen.
Revansje
Etter mange brente LSK-sjanser fekk Steinar Pedersen sin revansje etter ein dårleg jobb ved Brann sin skåring.
Keeper Udjus glapp Riise sin corner rett i hodet til den tidligere Borussia Dortmund-proffen, som enkelt satte inn utligninga.
Eit klassisk Lillestrøm-mål.
Etter skåringa hadde begge lag eit par gode sjanser, men kampen endte med poengdeling.
LSK klarte ikkje å krabbe bort fra nedrykkstrida, og ligger nå seks poeng over Aalesund på bunn.