Ole Martin Årst er tilbake i Tromsø og danner et av Tippeligaens beste spisspar med Peter Kovacs, mener NRKs ekspert Jan Åge Fjørtoft. (Foto: Scanpix)
Men med Ole Martin Årst som den heimkomne sonen, sette dette fart i gutan. Måten Ole Martin kjempa fram det andre målet til Tromsø var ein klassespiss verdig, sjølv om Vidar Riseth sitt forsvarsspel i denne situasjonen ikkje likna på meisterliga–takter.
I nemnte Årst og målskårar Peter Kovacs har no Tromsø kanskje Tippeligaens beste spissduo. Om ikkje gull verdt, så kan dette vere Tippeliga verdt for laget.
Kampen om sølvet
Det har vore stillare rundt Viking–laget denne sesongen. Ikkje berre er Benny vekke, det har heller ikkje vore noko snakk om økonomiske problem i Stavangerklubben. Snarare tvert i mot. Ein flott stadion er under bygging, og der andre lag byr fram sine spelarar som klokkeseljarar i Bangkok, forsterkar Viking laget med Andre Schei Lindbæk og jaktar i tillegg på fleire. No gjev denne satsinga teljande resultat. I ein liga der bortesigrar er samleobjekt, vinn dei fortent 2- 0 borte mot Stabæk. Eg blir overraska dersom ikkje klubben får medalje i år.
Og husk: Berre Rosenborg har slept inn færre mål, og vikingane har ein kamp til gode.
Litt om økonomi
Eg har skrevet under ein del avtaler i mitt lange fotballiv. Men spelarar skriv ikkje under aleine. På den andre sida av arket skriv alltid ein leiar i klubben under. I det han skriv under på avtalen tek han på vegne av klubben ansvaret for at denne avtala kan oppretthaldast.
Eg likar ikkje leirar som freistar å skyve alt ansvar over på spelarar, som i media blir framstilt som griske og ansvarslause spelarar utan klubbkjensle.
Tendensen har ein sett i fleire klubbar. Dette er noko heile klubben må ta ansvar for. Å tildele spelarar svarteper er for enkelt.
At mange klubbar framleis lever over evne er det ikkje tvil om. Kanskje er 50 % lønnsreduksjon eit meir realistisk tal for å få bukt med økonomien. Og ikkje trur eg at fotballspelarar blir dårlegare av å bytte ut golf- kølla med ei skolebok.