Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Kvar ny skåring gav nye botn-konstellasjonar på den oppdaterte tabellen eg hadde føre meg.
Trass for cupsiger i fjor: Vålerenga har ikkje utvikle seg under Kjetil si leiing.
At Vålerenga skulle skåre fire mål i ein kamp var vel på førehand sett på som like sannsyneleg som at Elvis Presley skulle synge i pausen på Jæren.
Det har dei siste dagane vore mykje merksemd rundt Kjetil Rekdal. Og det med rette.
Han er ein av dei mest profilerte namna i norsk fotball, og dersom tida hans i Vålerenga ender med nedrykk vil opphaldet hans i klubben bli sett på som mislukka.
For til trass for cupfinale-siger i fjor: Laget har ikkje utvikle seg under Kjetil si leiing.
Det kan det vere mange grunnar til det, men manglande mål og profilar er no ein gong Kjetil sitt formelle ansvar.
Kven går ned?
Ålesund har to heimekampar att. Vinn dei båe har dei 30 poeng.
Bryne har Brann og Ålesund att borte. Rosenborg heime. Med Bryne sin historisk dårlege bortestatistikk i minnet. Bryne går ned.
Vi fekk kjeft for at vi tippa jærbuane ned her i NRK-TV-Sporten. Og eg trudde lenge at vi ville ta feil, men no ser det mørkt ut for Bryne.
Etter Tromsø spelar Lyn mot medaljekandidat Odd, Vålerenga i Oslo-derby og til slutt Lillestrøm heime.
Bryne og Lyn går ned - Molde på kvalikk. Berre for å ha skreve det: Eg hadde sju rette på tippekupongen denne helga……!!!
PS! I skrivande stund kjenner eg ikkje resultatet mellom Lyn og Tromsø.
Tal til slutt
20 poeng mellom Rosenborg på topp og Glimt på andreplass.
16 poeng mellom Glimt og Bryne på siste plass.
Eg trur vi må dele nye lag.