NRK Meny
Normal

Flo satsar alt på ei trenarkarriere: – Det er liksom berre det eg kan

Tore André Flo stakar ut ei ny karriere som trenar. No skal han forme og utvikle Norges nye spiss-håp.

Tore Andre Flo, samt en rekke gamle landslagsspisser, står i spissen for en kampanje som skal få frem en ny generasjon landslagsspisser. Se han instruere her!

VIDEO: Sjå Tore André Flo trene Norges nye spiss-håp.

– Jada, det er fint. Veldig bra jobba!

Staden er fotballhallen Vallhall i Oslo. Ein av Norges fremste angriparar gjennom tidene ropar ut ros til norske spiss-talent. Tore André Flo er kjent for å vere ein beskjeden mann. Utanfor bana. I Vallhall tar derimot stryningen kommandoen.

– Eg vil ha mottak og deretter skot på mål. Ikkje fleire enn to touch på ballen, instruerer Flo.

Jaktar ein goalgettar

Han er med i ei ressursgruppe som skal jobbe med det nye spissprosjektet til Norges Fotballforbund.

Veton Berisha (Viking), Mohammed Elyounoussi (Sarpsborg 08), Båd Finne (Køln), Zymer Bytyqi (Sandnes Ulf), Runar Espejord (Tromsø) og Håkon Lorentzen (Brann) dannar den ekslusive gruppa som skal få eit spissa tilbud frå NFF.

Dei er mellom 16 til 19 år. Målet er at nokre av dei skal skyte Norge til framtidige fotballmeisterskap. Og ei ny storheitstid.

– Kjempespennande

Dei tidlegare topp-spissane Jan Åge Fjørtoft, Sigurd Rushfeldt og Arild Sundgot er også med som trenarar. Den tidlegare Vålerenga-spissen Eivind Arnevåg er prosjektleiar.

– Dette er kjempespennande, og Tore André er ein veldig inspirerande trenar, seier Arnevåg.

Mohammed Elyounoussi håpar å lære av mannen som var med å senke Brasil den juni-kvelden i 1998.

– Målet er å score endå fleire mål framover. Flo viste oss øvingar som han brukar i Chelsea, så det var gøy, seier Elyounoussi.

Artikkelen held fram under videovindauget.

Norske klubber bør ha egne trenere for spisser. Det mener Tore Andre Flo. Den tidligere landslagsprofilen er i Oslo for å veilede unge norske spisstalenter.

VIDEO: Tore André Flo er med i ressursgruppa til Norges Fotballforbund sitt nye spissprosjekt.

– Overraska over kvaliteten

Flo er fast tilsett som spisstrenar ved Chelsea sitt fotball-akademi i London. I perioden 1997 til 2000 scora han 50 mål på 149 kampar og fekk legende-status i klubben.

Etter halvanna time med avslutningstrening på kunstgraset i Vallhall er Flo overraska over kvaliteten.

– Eg er kjempeimponert over den første økta. Kvaliteten var super. Eg hadde forventa meg litt nervøse gutar og ein sleiv av og til. Det var det utruleg lite av, seier Flo, som meiner dei seks utvalde har same kvaliteten som spissane han jobbar med til dagleg i England.

Trivst i Chelsea

– Dei er på nivå med spelarane eg trenar i Chelsea. Dei har heilt klart store mulegheiter i framtida. Men alt er opp til dei sjølve. Det krevst hard jobbing for å nå toppen i fotballen i dag, fortsetter Flo, som ser for seg å jobbe med spiss-talent både i England og Norge i lang tid framover.

– I Chelsea lærer eg utruleg mykje. Eg kunne ikkje vore på ein betre stad, og trivst veldig godt. Eg utnyttar apparatet dei har fullt ut, avsluttar Flo til NRK.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.