NRK Meny
Normal

Tala som talar for Ribéry

Fleire meiner Franck Ribéry burde ha vunne Gullballen. Franskmannen dankar ut både Ronaldo og Messi på fleire statistikkar.

Franck Ribéry

Franck Ribéry nådde ikkje opp då Gullballen vart utdelt i Zürich måndag kveld. Fleire meiner franskmannen hadde fortent utmerkinga.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Cristiano Ronaldo vann Gullballen for kalenderåret 2013 måndag kveld. Han vart stemt fram av landslagstrenarar, landslagskapteinar og journalistar. Fleire meiner likevel at franskmannen burde ha vunne.

Fem av fem titlar

Den anerkjende britiske fotballskribenten i The Telegraph, Henry Winter, gav Ribéry flest poeng og peikar på fylgjande som burde ha tala til fordel for midtbanespelaren.

  • Ribéry vann fem av fem moglege titlar: Bundesliga, meisterliga, den tyske cupen, UEFA Super Cup og VM for klubblag. Ronaldo tok ingen titlar, medan Messi vann den spanske ligaen og cupen.
  • Kåra til årets spelar i Bundesliga.
  • Kåra til den mest verdifulle spelaren under VM for klubblag.
  • Kåra til den beste spelaren i Europa av UEFA (framfor Ronaldo og Messi).

I tillegg er midtbanespelaren på Bayern München overlegen i fylgjande statistikkar:

Ribéry vs Ronaldo vs Messi 2013

Prestasjon

Ribéry

Ronaldo

Messi

Vellukka driblingar

1.084

252

331

Sjansar skapt

149

94

70

Vellukka pasningar

2.903

2.136

1.901

Assist

18

15

15

Kampar vunne

45

40

26

Statistikken er utarbeida av BBC og er basert på klubb- og VM-kvalifiseringskampar.

Tre gongar så mange vellukka driblingar

Ribéry utførte om lag tre gongar så mange driblingar som Messi, og skapte over 50 fleire målsjansar enn Ronaldo. Real Madrid-spelaren vann ikkje ein einaste tittel, men var sterkt delaktig i at Portugal kvalifiserte seg til VM.

Det som derimot favoriserer Ronaldo er tal på mål. Portugisaren scora ikkje mindre enn 66 mål for klubb- og landslag.

Vurderingane skal gjerast ut frå prestasjonar for klubb- og landslag, fair play og eit generelt prestasjonsnivå i kalenderåret 2013. Her skal det leggjast særleg vekt på viktige kampar.

Hadde avstemminga berre vore basert på journalistane sine stemmer, slik ordninga var fram til 2009, hadde Ribéry vore overlegen.

Ifylgje goal.com hadde 80 journalistar rangert Ribéry som beste spelar av dei tre. Ronaldo fekk 48, medan Messi fekk 31 av fyrsteplass-stemmene.

Fryktar marknadsverdien har teke over

Dei siste åra har Gullballen nærast vore ein rein duell mellom Ronaldo og Messi. UEFA-president Michel Platini er redd kåringa er ein kamp om global marknadsverdi framfor kva som vert prestert på bana.

– Eg er skuffa, for i 50 år har prisen gått til den som har vunne trofear og hatt resultat på bana. No snakkar me om ein global marknadsverdi på spelarar, og det er eit problem.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.