Mennene, som er mellom 30 og 69 år, vart arresterte som del av ein større aksjon for å avdekkja av korrupsjon innanfor fotballen.
Økokrim-eininga i London-politiet ser no på kva fylgjer dette har fått for eigarar og aksjeeigarar.
Tidlegare i år raida politimenn fotballklubbane Newcastle United, Portsmuth og Rangers som del av etterforskinga.
Hyrte inn privatetterforskarar
I fjor ba det engelske fotballforbundet ein privat etterforskar og selskapet hans om å gå flerie hundre spelarovergangar etter i saumane. Då dei la fram rapporten sin i juni i år, kom det fram at 17 overgangar og fem Premier League-klubbar truleg ikkje hadde fylgt lover og reglar.
Til no er seks personar arresterte
Londonpolitiet har ikkje lagt denne etterforskinga til grunn for arbeidet sitt, men etter dei siste arrestasjonane er no seks personar pågripne i samband med etterforskinga av korrupsjonsskuldingane.
I september var ein 28 år gamal mann pågripen i London og i mai vart ein 61-åring fenglsa i Manchester, båe mistenkte for kvitvasking av pengar.