I mai leia Hull 2-0 før det var spela ti minutt i finalen på Wembley. Men Arsenal vann til slutt 3-2 etter ekstraomgangar.
Då trekninga var innleia i kveld, var finalistane dei to første laga som vart trekte ut av «hatten».
Også Sunderland - Leeds er finalereprise, men då så langt tilbake som i 1973. Sunderland frå nivå 2 slo Super-Leeds sensasjonelt 1-0 den gongen.
AFC Wimbledon - Liverpool vekkjer også finaleminner. «Gamle» Wimbledon slo Liverpool 1-0 i 1988.
Toppklubbane kom godt ut av trekninga. Manchester City møter Sheffield Wednesday heime, og Chelsea tar imot Watford. Manchester United skal på besøk til vinneren av omkampen mellom Accrington og Yeovil.
Vesle Blyth Spartans skal møte Championship-laget Birmingham, og Dover Athletic møter Crystal Palace frå Premier League. Det blir folkefest hos begge småklubbane.
Heile trekninga:
Arsenal - Hull City
Southampton - Ipswich Town
Stoke City - Wrexham
Charlton Athletic - Blackburn Rovers
Dover Athletic - Crystal Palace
AFC Wimbledon - Liverpool
Manchester City - Sheffield Wednesday
Aldershot/Rochdale - Nottingham Forest
West Bromwich Albion - Gateshead
Blyth Spartans - Birmingham City
Aston Villa - Blackpool
Rotherham United - AFC Bournemouth
Huddersfield Town - Reading
Oxford United/Tranmere - Swansea City
Cardiff City - Colchester United
Bolton Wanderers - Wigan Athletic
Sunderland - Leeds United
Burnley - Tottenham Hotspur
Millwall - Bradford City
Derby County - Southport
Brentford - Brighton & Hove Albion
Fulham - Wolverhampton Wanderers
Leicester City - Newcastle United
Scunthorpe/Worcester City - Chesterfield
Everton - West Ham United
Cambridge United/Mansfield - Bury/Luton
Chelsea - Watford
Barnsley / Chester - Middlesbrough
Queens Park Rangers - Sheffield United
Accrington Stanley/Yeovil - Manchester United
Preston North End - Norwich City
Doncaster Rovers - Bristol Rovers
Kampane skal spelast første helga i januar.