– Vi ventar ei grundig gransking, og vi ventar at FIFA vil vise at dei står fast på sine prinsipp om integritet, etikk og fair play på alle plan, seier den japanske elektronikkgiganten Sony.
– Vi er sikre på at FIFA tek skuldingane alvorleg, og at granskingane som den etiske komiteen gjennomfører, skal bli grundig gjennomført, seier ein representant for det koreanske bilkonsernet Hyundai.
Skuldingane går ut på at Qatar skal ha betalt millionar av kroner for å ha fått stemmer under røystinga i 2010. Det kom fram i ein
førre helg, der det vart lagt fram dokument og utskrifter som underbyggjer påstandane.- Les også:
Sponsar FIFA med milliardar
Dei to asiatiske gigantkonserna er to av seks hovudsponsorar for FIFA, og to av dei andre – Visa og Adidas – har tidlegare i pinsehelga gitt uttrykk for det same. Adidas sa i går at dei er trygge på at oppryddinga får prioritet, medan Visa nøyer seg med å slå fast at dei vil følgje FIFAs granskingsprosess tett.
Dei to siste av dei seks store sponsorane er Coca-Cola og flyselskapet Emirates.
Til saman betalar dei seks sponsorane milliardar av kroner til FIFA, ikkje minst for VM-turneringane.
Sjølv om tonen i meldingane frå sponsorane er mild i forma, er det klart at dei no legg press på FIFA for å få alt på bordet, og for at FIFA skal reagere på det som kjem fram. Det meiner iallfall ekspertane.
– FIFA blir tvinga til å svare
For det er sjeldan at dei store sponsorane uttalar seg om FIFA offentleg.
– Det er heilt tydeleg at sponsorane er urolege over om omdømmet til FIFA og fotball-VM skal bli alvorleg skadd, seier Munehiko Harada, professor i sports-leiing ved Wasada-universitetet.
– Det er vanskeleg å sjå kva som skjer bak kulissane. Men med desse utspela frå dei store sponsorane, er FIFA nøydd til å svare, seier Harada.
I løpet av måndagen har også andre store VM-sponsorar uttalt seg i same retning. Både det britiske oljeselskapet BP og den amerikanske ølgiganten Budweiser krev at FIFA ryddar opp.
FIFAs etiske komité, med New York-advokat Michael Garcia i spissen, har i fleire månader undersøkt korrupsjonsskuldingane.
, same dag som årets FIFA-kongress opnar. Men rapporten er likevel ikkje venta før midt i juli, etter at VM i Brasil er over.Under kongressen kjem Qatar-spørsmålet til å bli sentralt på møtet i FIFAs etiske komité, Der er Norges fotballpresident Yngve Hallén medlem. Han sa til NRK i går at han fryktar for fotballens omdømme, og at han
.