Gjestene frå Bergen hadde initiativet og skapte sjansane den første halve omgangen, men resten hadde heimelaget full kontroll på.
- Dette er ein lettelse, seier FFK-trenar Tom Freddy Aune. - Vi slapp dei til sjansar og dei skapte problem for oss, men vi hadde også sjansar til fleire mål. No skal vi gi hundre i opprykksfinalene, seier Aune til NRK.
NRKs ekspertkommentator Raymond Kvisvik meinte det var bra spel av FFK, men ikke godt nok.
- Eg trur Hønefoss blir for sterke til slutt, seier Kvisvik, som var skuffa over at
hadde møtt fram til kampen.Video: Sjå scoringane til FFK
Praktfullt frispark
Gunnar Heidar Thorvaldsson sette inn 1-0 frå kort hald sju minutt før slutt, og Celso Borges dobla leiinga på eit direkte frispark frå 25 meters hald eit snaut kvarter etter pausen.
Løv-Ham klarte aldri å kjempe seg tilbake i kampen før heilt mot slutten. Då hadde bergensarane fleire store sjansar som dei misbrukte.
Løv-Hams sjanse til opprykk er dermed borte. Fredrikstad, som tapte duellen med nabo Sarpsborg om direkte opprykk, møter enten Hønefoss eller Ranheim til kamp heime og borte om den siste plassen i neste års eliteserie.
- Les: