Festen over?

ANALYSE (Molde - Stabæk 3-3): Molde Fotballklubb har festa hardt dei siste åra. Er bakrusen no i ferd med å melde seg i Rosenes by?

Molde - Stabæk
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..

16. mai er den store festkvelden i norsk seriefotball. Det store spørsmålet i Molde før kampstart mot Stabæk: Kunne dei regjerande meistrane dra nytte av den særmerkte atmosfæren som alltid pregar stadia kring det ganske land dagen før dagen, til å kick-starte ein sesong som til no tidvis har minna mest om eit litt søvnig nachspiel med ustemt gitar?

Somme vil kanskje synast at dette er ei streng vurdering. (Ja, ordspelet er tilsikta.) Etter åtte kampar hadde Molde scora fleire mål enn alle lag bortsett frå serieleiar Rosenborg. Samstundes hadde dei alt gått på tre tap, like mange som i løpet av heile fjorårssesongen, og låg på ein skuffande femteplass på tabellen.

Kveldens oppgjer mot overraskingslaget Stabæk var i så måte ein soleklar sekspoengskamp. Med siger ville tittelforsvararane igjen ha heng på teten. Eit tap ville auke avstanden til tabelltopp til ni poeng.

Stabæk i partyform

Statistikkens piler peikte i alle retningar. Molde hadde (trass alt) tre strake sigrar på eige gras, og hadde ikkje tapt heime mot Stabæk sidan 2006.

På andre sida hadde våre vener frå Nadderud vunne sine tre siste 16. mai-kampar på bortebane, og i motsetning til romsdølane var Byggmeister Bob Bradley sine menn i ubestrideleg party-form. Stabæk sto med seks sigrar på rad, og i løpet av desse seks kampane hadde dei sleppt inn totalt null mål, ein prestasjon som faktisk er utan sidestykke på norsk fotballs øvste nivå.

Tor Ole Skullerud

Tor Ole Skullerud har litt å jobbe med for å kome opp til fjorårets stabile toppnivå

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det var all grunn til forventning til møtet mellom eliteseriens fremste formlag og klubben med landets beste og breiaste spelarstall.

Talentet i denne stallen er det Tor-Ole Skullerud sitt ansvar å forvalte. Dét gjorde han på ein framifrå måte i fjor, men i år har det altså gått tyngre, særleg defensivt. Skullerud sitt grunnsystem er 4-4-2, med stort balltempo, angrepskåte backar og mange kombinasjonar i den siste tredelen.

Stabæk kjempet seg til poeng i Molde i en kamp som endte 3-3.

Tvinga Molde til å slå langt

I denne kampen starta bortelaget imidlertid med høgt, intensivt press, noko som tvinga Molde til å slå uvanleg mykje langt mot Ola Kamara og unge Sander Svendsen.

Sentralt på midtbanen har Skullerud to fotballkloke, kreative spelarar i Etzaz Hussain og Harmeet Singh, men ingen av dei har sin styrke i det defensive spelet, og mot eit energisk og disiplinert Stabæk-lag vart dei innleiingsvis spelt for djupe til å få fullt utbyte av sine kvalitetar.

Eit typisk teikn på den sjølvtilliten Bradley har innprenta hjå bæringane er den roa dei syner med ball over heile banen. I motsetning til Molde, som konsekvent søkte bakrom, våga Stabæk å spele opp på markert mann i den siste tredelen: Heilt på topp var Adama Diomandé sterk med mann i rygg, medan tempoet og nærteknikken til Ernest Asante og Yassine El-Ghanassy heilt klart bekymra Molde-forsvaret.

Følgjeleg vart det vanskeleg for Martin Linnes og Per-Egil Flo å bidra så mykje offensivt som Skullerud nok ville ynskja.

To gonger Sander Svendsen

Etter om lag ein halvtimes spel var det likevel klart at heimelaget hadde lukkast i å feste eit visst grep. Bakromspasningane sat framleis ikkje, men i denne perioden vann dei ballen stadig oftare inne på fiendtleg territorium. Stabæk-kaptein Morten Morisbak Skjønsberg måtte fleire gonger ty til reine hockey-blokkeringar i eige felt.

Skjønsberg har hatt ein framifrå sesong så langt, og han imponerte igjen den første halvtimen på Aker stadion. Men så hende noko svært underleg: Brått hadde han to katastrofale involveringar på rad, og begge resulterte i scoringar for stjerneskotet Sander Svendsen.

Stabæk-målvakt Mandé Saydouba måtte sjå seg slått for første gong sidan tapet mot Odd i 2. serierunde. Svendsen, som starta kampen i staden for Tommy Høiland, imponerte tidvis stort energi og opportunisme.

Her er vi atter ein gong framme ved Molde sin kanskje største styrke: Djupna i troppen. Skullerud gjorde fire endringar frå laget som starta mot Lillestrøm i midtveka, og alle fire ytte vesentlege bidrag til at laget stadig løfta seg utover i første omgang.

Svakt markeringsspel frå Vegard Forren tillét Adama Diomandé å heade inn ein corner fem minutt før pause, men ved halvtid tyda likevel mykje på at Molde var i ferd med å overvinne både Stabæk og seg sjølv.

Marginal fotball

Dette var ein kamp som tydeleg demonstrerte kor marginal fotballen er: Stabæk spelte i store delar av kampen fin, bevegeleg fotball, imponerte med intensiteten i presset og framsto som solide defensivt, men to feilvurderingar av lagets kaptein og mest erfarne spelar førte til to baklengsmål.

Tilfeldig? Kanskje. Var det i så fall óg tilfeldig at Stabæk, ved Kamal Issah, utlikna etter nok ein corner, eller var det snarare eit resultat av ein viss strukturell veikskap hjå Molde på defensiv dødball?

Eg landar på sistnemnte alternativ. Den unge, amerikanske keeperdebutanten Ethan Horvath – som erstatta ein småskada Ørjan Nyland etter 55 minutt – kunne iallfall ikkje lastast for målet.

Sidan fotballen er så marginal som han er, kan det ofte vere vanskeleg å gje eit heilt presist bilete av kva som snur ein kamp. Men i Molde i kveld var det eit svært tydeleg taktisk grep av Bradley som synte seg avgjerande.

Stabæk freista – og lukkast i – å isolere hurtigtoget Ernest Asante ein-mot-ein mot Per Egil Flo: Igjen og igjen storma ghanesaren inn i rommet venstrebacken etterlot seg, og etter 69 slo han ein perfekt, låg cross-ball til Diomande, som roleg plasserte ballen i nettet.

Totalt anarki

Skulle så Stabæk vinne sin sjuande eliteseriekamp på rad? Skulle Molde verkeleg tape på heimebane etter å ha leia 2-0? Svaret på begge spørsmål skulle syne seg å vere nei. Etter intenst, men panisk press lukkast det omsider Ola Kamara omsider å krangle ballen i mål tre minutt før full tid.

Kva skulle ein seie? Det var ein forunderleg kamp med eit bemerkelsesverdig sluttresultat. Begge lag hadde periodar kor dei spela framifrå fotball, begge lag – særleg Molde – henfalt tidvis til tilnærma totalt anarki.

Symptomatisk nok enda kampen med at Kamara jaga nok ein langball innover mot Stabæk-feltet, kor han vart gjenstand for det som anten var ei briljant eller ei latterleg heldig takling frå Nicolai Næss. (Dommaren hadde, dog, blese frispark mot Kamara uansett.)

«Hawaii-fotball», sa tomålsscorar Diomandé straks etter kampslutt. Trass i at dei gav vekk to poeng på tampen og fekk den rekordlange sigersrekkja si broten, kan Stabæk likevel seie seg tilfredse med uavgjort i ein av dei – iallfall i prinsippet – vanskelegaste bortekampane i sesongen.

For Molde sin del er det liten grunn til å tru at festen er over, men han er definitivt heller ikkje i ferd med å ta fyr.

Fotballnyheter

Videoklipp

Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.
Cupfinalen for gutter 19 mellom Vålerenga pg Molde måtte avgjøres med straffekonk. Komm.: Olav Traaen og Karl-Petter Løken.