Hopp til innhold

Catalonia røystar om sjølvstende – FC Barcelona er viktigaste symbolet

Camp Nou var einaste staden der katalanarane trygt kunne bruke sitt eige språk under Franco-diktaturet. Derfor er FC Barcelona heile Catalonias viktigaste symbol og samlingsmerke.

Barcelona - sjølvstende

«VI VIL BLI FRI» Barcelonas tilhengarar markerer sitt standpunkt under ein kamp før folkerøystinga om Catalonias lausriving i fjor

Foto: GUSTAU NACARINO / Reuters

Det er ikkje utan betydning når katalanarane søndag skal gå til lokalval. For det valet kan bli starten på ein prosess som kan gi Catalonia fullt sjølvstende frå Spania om nokre år.

Og det med støtte av Barca – sjølv om ei katalansk lausriving kan føre til at Barcelona og andre klubbar frå Katalonia blir sparka ut av La Liga.

«Mes que un club»

Luis Enrique og katalansk flagg

MEIR ENN EIN KLUBB: Barcelona-trenar Luis Enrique let ei blanding av klubbens og Katalonias flagg vaie etter meisterliga-sigeren i Berlin i mai. Det gjorde også mange fans på tribunen, og Barcelona fekk bot for å ha blanda politikk in i fotballkampen

Foto: Michael Sohn / Ap

«Mes que un club» – meir enn ein klubb – er FC Barcelonas motto. Det vart lansert i ein tale av dåverande klubbpresident Narcis de Carreras i 1968.

Søndag kan mottoet vise seg viktigare enn nokosinne.

Då skal Catalonia gå til urnene i lokalval. Det kan ende med ei erklæring om at regionen skal rive seg laus frå Spania og få fullt sjølvstyre.

Det viser meiningsmålingane at det er fleirtal for.

Det er her FC Barcelona kjem inn. Storklubben er Catalonias kanskje største symbol og viktigaste samlingspunkt. Nyleg lanserte dei også eit draktsett i dei gul- og raudstripete fargane til det katalanske flagget.

Barca støttar lausriving

Klubben har offisielt gått ut og støtta partia som vil ha katalansk lausriving. Før folkerøystinga i fjor signerte FC Barcelona den katalanske pakta for sjølvstyre, saman med 3500 andre organisasjonar og grupper.

Også klubbprofilane Gerard Pique og Xavi har offisielt støtta lausrivinga.

Det same har Pep Guardiola – i dag trenar for Bayern München, men han har 23 år bak seg som spelar og trenar for Barca. Han har meldt seg som kandidat til politiske parti som kjempar for sjølvstende.

Vi vil alltid vere der for vårt land og for folkets vilje. Vi forsvarar retten til sjølvstyre fordi det er ein del av dei fundamentale rettane alle folk og nasjonar skal ha.

Sandro Rosell, dåverande president i FC Barcelona i 2013

Senyeras - katalansk flagg

SENYERAS: Det katalanske flagget er alltid i fokus på Barcelonas heimebane Nou Camp

Foto: Manu Fernandez / Ap

«Catalonias uvæpna symbolske hær»

FC Barcelonas status som Catalonias viktigaste symbol har vakse gradvis, men kan først og fremst datere seg tilbake til den spanske borgarkrigen frå 1936 til 1939.

Ved starten av borgarkrigen vart Barcelonas president drepen av Francos soldatar. Det gav støyten til Barca-tilhengarane sin motstand mot regimet.

Sidan har FC Barcelona blitt sjølve symbolet på den stille krigen mellom regionen Catalonia og sentralstyresmaktene i Madrid, og på motstanden og opprøret mot diktaturet som følgde borgarkrigen.

«Catalonias uvæpna symbolske hær», kalla den katalanske forfattaren Vazquez Montalban klubben.

Katalansk berre på Camp Nou

General Francisco Franco

DIKTATOREN: General Fransisco Franco la sterke avgrensingar på all katalansk kultur i nærmare 40 år

Foto: AFP

General Fransisco Franco styrde Spania med hard hand fram til 1975. Han tillet ingenting av lokal kultur – og det mest forbodne av alt var det katalanske flagget Senyeras. Som er påfallande likt FC Barcelonas klubblogo.

Anarkistane og republikanarane stod sterkt i Catalonia, og motstanden mot kongemakta i Madrid var sterk. Derfor vart Catalonia Fransisco Francos største problem-region etter at hans styrkar hadde sigra i borgarkrigen.

Franco nekta bruk av det katalanske språket, og straffa dei som brukte det. Berre inne på mektige Camp Nou våga folk å bruke det fritt, og der våga dei også å lufte kritikken mot Franco opnare enn andre stader.

– Dei våga ikkje rope «Lenge leve Catalonia». Men dei kunne rope «Lenge Leve Barca», fortel aviskommentator Ernest Folch til Huffington Post.

Derfor vart kampane på Camp Nou mykje meir enn fotball. Det vart sjølve inkarnasjonen for den lokale motstanden. Og når Real Madrid kom på besøk, sleppte dei inntil 100.000 på tribunene ut det dei hadde av frustrasjon mot hovudstad-styret.

El Clasico eksisterte før Franco også, men under hans styre vart det ekstatisk.

– Heile byen er elektrisk dei dagane. Barca spelar for ein nasjon, ikkje for ein by, seier innflyttar Esteban Median.

Real betyr som kjent kongeleg på spansk. Derfor er El Clasico framleis ein kamp mellom sentralmakta i Madrid og den velståande og lett rabulistiske regionen Catalonia.

Søkkvåt demonstrasjon mot Franco

På denne måten vart FC Barcelona symbolet for alt som var katalansk – inkludert ønskjet om å lausrive regionen frå Spania.

Kor sterk motstanden mot Franco-styret var, blir illustrert av denne historia:

Ein regnfull og søkkvåt marsdag i 1951 hadde Barcelona spela heimekamp. Det var politisk streik blant buss- og trikkeførarane i byen, men Franco hadde sett inn militære streikebrytarar, og trikkane og bussane gjekk som normalt.

Men publikum ville vise støtte til dei streikande, og motstand mot den forhata diktatoren. Derfor var det nesten ingen av dei nærmare 80.000 på tribunene som nytta transporttilboda heim. Bussane og trikkane gjekk tomme i gatene. I staden sykla eller gjekk alle, sjølv om himmelens sluser var vidopne.

17 minutt og 14 sekund

Barcelona-fascister

MOT LAUSRIVING: Ikkje alle er for lausriving frå Spania - heller ikkje blant FC Barcelonas medlemmer. Her demonstrerer nokre av dei i 2012 - på Francos dødsdag 25. november

Foto: Daniel Ochoa De Olza / Ap

Då Franco døydde og Spania etter kvart vart demokratisert, var FC Barcelona etablert som det store fridomssymbolet. Klubben var Catalonias røyst, ære og stoltheit. Katalanarane samlar seg bak klubben, logoen og flagget som aldri før.

17 minutt og 14 sekund ut i kvar omgang tek publikum til taktfast å rope «independencia». Det tilsvarar året då Barcelona fall i slaget mot styrkane til kong Filip V, og Catalonia vart ein del av det spanske kongeriket – 1714.

Demonstrasjonen oppstod ved 300-årsmarkeringa i fjor, som eit resultat av ein aksjon på sosiale media.

Sosialt samlingspunkt

Klubben er ikkje berre sport og politikk. Han er også eit sosialt samlingspunkt for dei som vil bli integrerte i Catalonia. Iallfall gjaldt det for Esteban Median.

Han flytta til Barcelona frå Andalusia sør i Spania for 15 år sidan. Han tok til å gå på Barcelona-kampane. – Det fekk meg til å kjenne meg som ein del av byen og regionen, seier han til gonomad.com.

– Det var vanskeleg å kome til ein heilt ny og ukjend del av landet. Men klubben har gitt meg ein identitet, seier Median, som no er ein cule – ein hundre prosent lojal fan av Barcelona.

Og motstanden mot å vere styrt frå Madrid, vart ikkje mindre etter Francos død og diktaturets fall.

Tvert i mot. Sjølv om regionen fekk delvis sjølvstyre med eige parlament og eigen president i 1979, har tanken om fullt sjølvstende vore levande heile tida.

I januar 2013 gjekk det katalanske parlamentet inn for lausriving. I november i fjor var det folkerøysting. Den vart ikkje godkjend av Spania, men to millionar katalanarar røysta.

1,4 millionar demonstrerte

11. september er Catalonias nasjonaldag. I år brukte katalanarane dagen til ei markering av dimensjonar.

Fem kilometer av ein av Barcelonas viktigaste vegar var kransa av senyeras, og 1,4 millionar katalanarar var ute i gatene i ein fredeleg demonstrasjon.

– FC Barcelona representerer Catalonia utad. Dei gjer mykje for å hjelpe folk, og å hjelpe oss som kjempar for sjølvstande, seier Marina til Deutsche Welle. Ho er ein av demonstrantane.

Søndag er det lokalval for Catalonia, ein velståande region som får den 34. største økonomien i verda om dei blir sjølvstendige.

Det nasjonalistiske Catalonia-partiet leier på meiningsmålingane. Dei går inn for Catalonia som eigen stat. Dei meiner at ein valsiger kan brukast som ei fullmakt til å halde ny folkerøysting om sjølvstende, og vil erklære dette innan 18 til 24 månader, ifølgje valprogrammet.

Farvel til «El Clasico»

Ronaldo og Messi

SLUTT FOR EL CLASICO? Cristiano Ronaldo og Lionel Messi er megastjernene i El Clasico - kampane mellom Real Madrid og Barcelona. El Clasico blir truleg historie dersom Catalonia riv seg laus frå Spania

Foto: DANI POZO / Afp

Det paradoksale er at om Catalonia med sine 7,5 millionar menneske skulle bli ein eigen stat, vil Barcelona og andre klubbar i regionen bli sparka ut av La Liga.

– Sportslova er klar: Dei einaste ikkje-spanske klubbane som får lov å spele i det spanske ligasystemet, er frå Andorra. Blir Catalonia skilt ut frå Spania, blir La Liga også utan katalanske lag, seier La Liga-president Javier Tabas.

Dersom Spania blir splitta, blir også La Liga det, seier Tabas.

Også Barcas byrival Espanyol blir i så fall kasta ut av La Liga. Catalonia har også tre klubbar i Segunda Division denne sesongen.

Det betyr store pengar, og stor uvisse om kva som då skal skje med FC Barcelona. Klubben med 114 supporterklubbar utanom Spania, med nærmare 5 milliardar kroner i inntekt og med sponsorkontrakter i megaklassen røystar ja til lausriving, utan å ane konsekvensane for sin eigen del.

Men spansk fotball vil miste El Clasico.

Og Barcelona må kjempe på fleire frontar. Det europeiske fotballforbundet (UEFA) bøtla klubben med over 250.000 kroner fordi fansen brukte det katalanske flagget på tribuna under meisterliga-finalen i Berlin i mai. UEFA viste til paragrafen som forbyr bruk av politiske markeringar.

Klubbpresident Josep Maria Bartomeu gjek hardt ut og tok klubben og fansen i forsvar:

– Vi har alltid forsvart og vil alltid forsvare ytringsfridomen. FC Barcelona har aldri straffa sine medlemmer og tilhengarar for å gi uttrykk for sine tankar og kjensler på ein fredeleg måte, sa Bartomeu.

Fotball

  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    Fredrikstad tok seg også videre torsdag kveld etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland