Heimelaget Milton Keynes Dons tok leiinga rett før pause i oppgjeret mot AFC Wimbledon. Målet kom etter eit langskot frå Stephen Gleeson.
Det var MK Dons som køyrde kampen, men bortelaget skulle slå tilbake. 58 minutt ut i kampen stupheada Jack Midson ballen i mål - til ellevill jubel hos bortefansen.
Midson sprang rett mot eigne supportarar, som i vill jubelrus hoppa over reklameskilta og inn på bana.
Midson vart straffa med gult kort etter episoden.
Dramatisk avslutning
20 minutt før full tid fekk Milton Keynes ballen i nota, men linjedommaren vinka korrekt av for offside.
Det var fleire tilrop frå Wimbledon-fansen undervegs i kampen. Mellom anna sang dei: «where were you when you were us?», altså kvar var de når de var oss.
Minuttet før slutt var Wimbledon berre centimeter frå å sikre ein sensasjonell siger. Ein Wimbledon-spelar snappa opp ballen etter slurv frå MK Dons. Heimelaget sin keeper fekk fingertuppane på ballen, og hindra eit smertefullt tap.
Avgjerda fall to minutt på overtid etter klabb og babb inne i feltet til AFC Wimbledon. Eit lompeskot gjekk via hælen til ein MK Dons-spelar og i mål.
Dermed er MK Dons vidare til 3.runde i FA-cupen.
«Hatkamp»
Det har vore mykje kjensler i forkant av «hatkampen». AFC Wimbledon vart stifta i 2002 etter at fotballforbundet i England godkjente at Wimbledon FC fekk flytte til Milton Keynes.
I 2004 skifta Wimbledon namn til Milton Keynes Dons. AFC Wimbledon vart danna av dei gamle supportarane.
AFC Wimbledon måtte starte opp igjen langt nede i divisjonssystemet, men etter fem opprykk på åtte år er laget komme inn i den profesjonelle ligaen (nivå fire).
MK Dons spelar på nivået over.