Hopp til innhold

Ideen kom i eit lyskryss - så fann familierådet opp raude og gule kort

Han dømde den kanskje mest grisete kampen i VMs historie. Fire år med mykje grubling seinare, fann han løysinga. I eit gatekryss i London. Med konas hjelp var gule og raude kort eit faktum seinare på kvelden.

Ken Aston

Ken Aston sette spor etter seg innan fotballdømming. Det var han og familierådet heime som kom opp med gule og raude kort.

Foto: Aysolaw5 / Wikimedia/AFP

Hendingane har ikkje nødvendigvis så mykje direkte med kvarandre å gjere, men indirekte er det ein samanheng mellom «Battle of Santiago» og dei gule og raude korta som har vore ein del av livet på fotballbanene i snart 50 år.

Mannen heiter Ken Aston og var skulelærar. Han var engelsk fotballdommar som dømde i ligaen og internasjonalt frå 1953 til 1963, og mannen bak ei rekke moderniseringar av dommarane og dømminga i etterkrigsåra.

Etter å ha dømt FA-cupfinalen mellom Manchester United og Leicester i 1963, gav han seg som aktiv dommar for å bli dommarsjef under fotball-VM 1966.

Heilt sidan han dømde skandalekampen som fekk namnet «Battle of Santiago» under VM i 1962, hadde han grubla over ein klarare måte å markere seg på overfor spelarar som det er i ferd med å koke over for.

Visste ikkje at han var «booka»

Ken Aston

Men det var ikkje før under VM heime i England fire år seinare ideen om raude og gule kort kom.

I kampen mellom England og Argentina fekk Jack Charlton åtvaring. Det innebar at hans namn vart notert i den svarte boka som dommarane alltid hadde med seg, og fekk munnleg beskjed om det. Slik praksisen var på den tid.

Dommaren var tysk og snakka berre sitt morsmål, og det forstod ikkje Charlton stort av.

Jack Charlton visste ikkje at han hadde fått ei åtvaring før han las det i avisa etterpå. Derfor ringde han opp dommarsjef Aston for å forsikre seg om at det var tilfellet.

Lys ide i Kensington-kryss

Trafikklys

Kvifor ikkje overføre forståinga av trafikklys til fotballbana? spurde Ken Aston

Foto: Scanpix / NTB scanpix

På veg heim same kveld måtte Aston stanse for raudt lys i eit kryss i Kensington High Street. Då slo tanken ned: Gult lys for å vere på vakt, raudt for full stopp. Kunne ikkje det overførast til fotballbanen? Som ein tydeleg beskjed som alle forstod uansett språk?

Han grubla seg vidare gjennom fleire lyskryss den kvelden, og tok opp temaet med kona Hulda då han kom heim.

Ho blei borte eit par minutt og kom tilbake med to kort – eit raudt og eit gult – klipt til så dei skulle passe inn i brystlommen på ei dommarskjorte.

Systemet var oppfunne. Munnlege åtvaringar var skifta ut med kort i gul og raud farge – gult for «forsiktig, ver på vakt», raudt for «full stopp for deg i denne kampen». Og som ein ekstra bonus fekk også publikum på denne måten beskjed om at ein spelar fekk åtvaring eller måtte gå av bana.

Blei fornærma utan å forstå orda

Antonio Rattin blir vist ut

Argentinas Antonio Rattin blir vist ut etter det den tyske dommaren meinte var fornærmingar. Men dommaren forstod ikkje spansk

Foto: AP

Det var ikkje berre Charltons «booking»som utløyste Astons kort-idé etter England – Argentina. Argentinas Antonio Rattin vart utvist i den kampen for å ha fornærma og kjefta på dommaren. Den tyske dommaren kunne heller ikkje spansk, og forstod derfor ikkje stort av det Rattin hadde sagt.

Rattin nekta å gå av bana, og kampen måtte stoppast i fleire minutt medan argentinaren vart halt ut over sidelinja med makt av fleire handfaste karar.

Men FIFA likte ideen om gult og raudt. Dei innførte kort i VM i 1970. Då var Aston leiar for dommarkomiteen i FIFA.

The rest is history.

«Battle of Santiago»

Aston hadde mange tøffe tak ute på fotballbana sjølv, og var også kampleiar i den kanskje vanskelegaste av alle i VM-historia – «Battle of Santiago» i Chile i 1962. Det var neppe tilfeldig at ein av dei beste og mest rutinerte dommarane var sett opp i den kampen, ettersom stemninga mellom Italia og heimelaget Chile var amper før kampen.

Og stemninga blei verre. Mykje verre.

Den første stygge fellinga skjedde etter 12 sekund. Aston måtte vise ut italienaren Giorgoi Ferrini etter berre åtte minutt og lagkameraten Mario David like før pause. Ferrini nekta å gå av bana og måtte hentast av politimenn. Tre gonger seinare i kampen måtte også politiet inn på bana for å stanse slåstkampar.

Ein gong var absolutt alle spelarane på bana i slåstkamp samstundes.

Aston fekk etter kampen kritikk for ikkje å ha vist ut endå fleire på begge sider, men var eigentleg sjanselaus som kampleiar.

Chiles Leonel Sanchez slo til Italias Humberto Maschio med eit skikkeleg venstreslag så nasen brakk. Det såg ikkje Aston. Men kamera oppfanga hendinga og Sanchez vart straffa i ettertid.

Det var aller første gongen FIFA reagerte i etterkant ut frå eit videoopptak.

– Tilbake til apestadiet

Chile vann kampen mot Italias ni mann med 2–0.

– Denne kampen tok fotballen tilbake til apestadiet, skreiv nyheitsbyrået Associated Press i sitt kampreferat.

– Kampen er den mest idiotiske, skrekkelege, ekle og skammelege i fotballhistoria, sa BBCs legendariske kommentator David Coleman.

Aston var ikkje framand for konfliktar. Han hadde tenestegjort som oberstløytnant under verdskrigen.

– Eg dømde ikkje ein fotballkamp, sa han etter Chile – Italia. – Eg var meir som ein overdommar i ein militærmanøver.

Astons oppfinningar

Aston sette også sitt preg på fotballdommarane og dømminga med fleire tiltak:

  • Han fekk innført svarte drakter for dommarane. I England gjekk dommarane tidlegare med tweed-jakke over kvite skjorter. – Eg såg ei svart jakke i ein butikk og la merke til at jakka hadde mange lommer. Det er viktig for ein dommar, sa han.
  • Det var også han som fekk innført linjeflagg med skarpe fargar – ideen kom ein skoddefylt dag i London. Tidlegare brukte linjedommarane brune flagg, og dei blei borte ved det minste teikn til skodde. Det skjedde aldri igjen etterpå.
  • Og det var Aston som fekk innført reservedommar, mannen som skulle steppe inn dersom hovuddommaren vart skadd eller sjuk.
  • Han fekk inn i lovene standard for lufttrykket i ballen.
  • Og det var Ken Aston som introduserte nummertavle for innbyte, slik at publikum lettare kunne følgje med på kven som vart skifta inn og ut.

Kenneth George Aston døydde i 2001, 86 år gammal.

Fotball

  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP
  • Mirakelet uteble for Liverpool – slått ut av Europa

    Liverpool trengte et mirakel, men det ble bare 1-0-seier borte mot Atalanta. Den italienske klubben er klare for semifinale, mens Jürgen Klopps europaeventyr med Liverpool endte i Europaligaens kvartfinale.

    Etter 0-3-tapet hjemme på Anfield forrige uke, var det et fryktelig utgangspunkt Liverpool reiste til Bergamo med.

    Der fikk de akkurat den starten de trengte, da Trent Alexander-Arnold skaffet straffe etter fem minutter. Mohamed Salah var sikker og scoret kveldens første.

    Liverpool hadde fortsatt godt over 80 minutter til på å hente opp ledelsen til Atalanta, men tiden gikk og de store sjansene uteble.

    Flere mål ble det ikke, og Atalanta vant dermed 3-1 sammenlagt.

    For Liverpool-manager Jürgen Klopp ble det dermed en tung avslutning i Europa.

    I januar fortalte Jürgen Klopp at han gir seg som Liverpool-manager etter sesongen, og finalen i Europaligaen i Dublin 22. mai kunne blitt et perfekt punktum for Klopps karriere i Merseyside-klubben.

    Slik gikk det ikke, og dermed er det de seks siste serierundene i Premier League-gulljakten som gjenstår av Klopps Liverpool-karriere.

    Salah
  • Villa-keeper fikk to gule kort – ble likevel straffehelt i Europa

    Det ble full forvirring da Aston Villa-keeper Emiliano Martinez ikke ble sendt av banen etter to gule kort. Så sørget han for at Villa slo Lille på straffer i kvartfinalen i Serieligaen.

    De engelske gjestene taklet presset best og tok en 4-3-seier i straffesparkkonkurransen. Sammenlagt endte det 3-3 over to kamper.

    Begge lag hadde bommet én gang før Lilles kaptein Benjamin André måtte treffe som hjemmelagets femte straffeskytter. Forsøket ble reddet av Emiliano Martinez.

    Forvirringen på tribunen og blant TV-kommentatorene var stor da Martinez fikk sitt andre gule kort for kvelden etter den første runden med straffer. Dommeren slo ned på det han mente var forsøk på å provosere hjemmefansen, men det førte ikke til noen utvisning.

    Årsaken er at gule kort fra selve kampen strykes når straffesparkkonkurransen har kommet i gang.

    Etter kampen fikk Aston Villa-manager Unai Emery spørsmål om han trodde Martinez ble utvist.

    – Ja, men sånn er reglene, sier Emery ifølge BBC.

    – Han pøvde å kontrollere følelsene, men fansen presset han. Han er moden, men han har mye personlighet. Han er alltid under sin egen kontroll, fortsatte Emery om keeperen sin.

    Martinez reddet totalt to straffer, og sørget for at Aston Villa er klare for semifinale i Serieligaen. Det er første gang klubben er i en europeisk semifinale siden de vant Mesterligaen i 1981/82-sesongen.

    Unai Emery kan bli første manager til å lede Aston Villa til en tittel siden Birmingham-klubben vant ligacupen i 1996. (NTB/NRK)

    Europa Conference League - Quarter Final - Second Leg - Lille v Aston Villa
    Foto: Stephanie Lecocq / Reuters
  • FA-cupen kutter omkamper – vil skåne spillere etter nytt CL-format

    Omkamper i FA-cupen blir skrinlagt fra neste sesong, melder Det engelske fotballforbundet (FA) torsdag.

    Tiltaket om å avskaffe alle omspillskamper er en del av en ny avtale mellom FA og Premier League. I avtalen inngår det også at Premier League-klubbene skal betale ytterligere 450 millioner norske kroner som skal gå til grasrotfotballen hver sesong.

    FA hadde allerede skrotet omkamper fra femte runde og utover. Grepet med å droppe alle omkamper kommer som følge av de utvidede Uefa-turneringene.

    Neste sesong er det nytt format i mesterligaen, europaligaen og conferenceligaen som fører til enda flere kamper.

    FA informerte også om at alle rundene i cupen nå vil bli spilt i helger. Finalen skal spilles den nest siste helgen i Premier League-sesongen, på en lørdag uten noen toppkamper som skal spilles på samme dag. (NTB)

    Haaland
    Foto: AP
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten