– Vi har skværa opp. Ein overgang hadde ikkje vore mogeleg om vi ikkje hadde gjort det, seier Fagermo til NRK.
Det var i Februar i fjor at Semb Berge valde vekk Odd, til fordel for Molde. Da kritiserte Fagermo spelaren kraftg offentleg.
- Les også:
- Les også:
Skuffa Fagermo
Semb Berge trente med Odd i to veker i tida før avgjerda om å gå til Molde.
– Vi var einige sundag kveld. Måndag skulle vi berre ordna formalitetane, men så snudde han. Eg føler meg lurt og det er fristande å tru at han valde pengane ved å gå til Molde. I mine auge stikk ikkje klubbkjensla hans til Odd veldig djupt, sa Fagermo til Varden 10. februar i fjor.
– Kvifor valde du å gå så hardt ut den gongen?
– Fredrik kjenner meg. At vi var skuffa er ikkje rart, vi er veldig glade i han og ville gjerne sett han tilbake i Odd, seier Fagermo som er strålande fornøgd med å få Semb Berge på plass igjen i Odd-trøyar, sjølv om det tok eit år lengre enn han hadde håpa.
Semb Berge bekrefta ovanfor Varden at dei har begravd stridsøksa.
– Det er godt at vi kunne bli vener igjen og eg er klar for å gje alt for Odd, sa Semb Berge til lokalavisa.
Bygge han opp att
Både Semb Berge og Fagermo var nøgd med avtalen, då midtstopparen vart presentert under ein pressekonferanse måndag.
– Først og fremst må vi bygge opp att sjølvtilliten hans, og så har han potensial til å bli ein av dei beste midtstopparane i landet, seier Fagermo.
NRK har ikkje lukkast å få tak i Semb Berge for ein kommentar om det Fagermo sa for eit år sidan, men på pressekonferansen sa han dette.
– Eg er veldig glad for å vera tilbake. Eg føler at dette er eit riktig steg for min karriere, sa Semb Berge.
Semb Berge har slite med speletid i Molde og Brøndby dei siste to åra, og har signert ein treårskontrakt med Odd.