Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Etter 17 serierundar kan ein seie at det er sannsyneleg at Tromsø og Ålesund rykkar ned. La oss tenkje høgt:
- i fylgje ekspertane treng ein 30 poeng for å stå i divisjonen. Etter denne runda har TIL 13 poeng og ÅFK 12.
- Det betyr at dei begge må vinne 6 av dei siste 11 kampane
- På dei fyrste 17 kampane har Ålesund vunne to, Tromsø tre.
- Dei to laga har den dårlegaste målskilnaden – i utgangspunktet eit poeng mindre altså.
Sannsynlegvis rykker Ålesund og Tromsø ned.
Klønete
I tillegg har styret i Tromsø vore fomlande i sin freistnad på å rydde opp i situasjonen. Å sparke trenarar har skjedd og vil skje igjen. Men måten styret i Tromsø handterte situasjonen med trenar Trond Johansen, var klønete. Du kan ikkje offentleg utvise større mistillit til ein trenar enn Tromsø gjorde sist veke.
I utgangspunktet var det ingen dårleg tanke. Ein kunne komplementere trener–teamet med ein tidlegare TIL–spelar Per Høgmo, som kunne hjelpe til i ein dugnad med å halde klubben i Tippeligaen.
Men ein eller annan stad i prosessen var det total mangel på kommunikasjon mellom partane. Trenar Trond Johansen stod offentlig fram og utrykkte sin misnøye med styret. Ikkje det beste utgangspunktet for turen til Odd på laurdag. 0-5 var eit naturleg klimaks for ein trist veke i TIL si stolte historie.