Hopp til innhold

Slik vart «revolusjonæren» ein lagspelar

I 2010 fekk han skulda for «den franske revolusjonen». No har meditasjon gjort Patrice Evra til å ein betre lagspelar.

Patrice Evra
Foto: CHARLES PLATIAU / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg les mykje. Bøker om meditasjon. Akkurat no les eg ei bok om leiarskap av Phil Jackson, den tidlegare basket-trenaren for Los Angeles Lakers og Chicago Bulls, og det lærer meg korleis eg skal finne min plass i ei gruppe, seier Evra i eit intervju framfor kampen mot Sveits fredag.

Den franske venstrebacken har brukt meditasjon ei stund, og seier at han kjenner seg som eit barn ute på bana.

– Lykkeleg som ein åtteåring

– Eg kjenner meg som ein åtteåring, det er same alder som son min Lenny. Eg kjenner meg lykkeleg både på og utanfor bana, seier den språkmektige 33-åringen frå Manchester United.

Diplomatsonen Patrice Evra med 25 søsken, fødd i den tidlegare franske kolonien Senegal, snakkar flytande fransk, engelsk, italiensk, spansk og portugisisk, og prøver også å lære seg koreansk – for å lettare kunne snakke med sin tidlegare lagkamerat Park Ji-sung.

– No gir eg alt for laget og lagkameratane. Eg har meir erfaring, og eg kan halde meir distanse der det trengst. No er mi oppgåve her i VM å hjelpe til slik at alle gjer sitt beste for laget, seier Evra.

Også Giggs, Ferdinand - og Suarez

Han er ikkje den einaste i Manchester United som brukar meditasjon som ein del av treninga. Ryan Giggs og Rio Ferdinand har i lenger tid gjort det same. Giggs seier at meditasjon og yoga var det som hjelpte han til å spele til han var 40.

Allereie i 2012 fekk Patrice Evra beskjed om å begynne med meditasjon , saman med Uruguays og Liverpools Luis Suarez. Det var beskjeden frå PFA, organisasjonen til dei profesjonelle spelarane i England.

Bakgrunnen var at Suarez hadde fått åtte kampars utestenging for rasistiske utsegner til Evra. Då Liverpool og United møttest for første gong etter utstenginga, ville ikkje Suarez handhelse på Evra.

Vil hjelpe, ikkje kritisere

Og utdjupar:

– Om ein lagkamerat ikkje gjer det så bra, vil eg ikkje hisse meg opp og kritisere han. Eg vil oppmuntre han, og kjenner nok samstundes på at det er litt mi skuld også at han ikkje får det heilt til. Derfor vil eg prøve å hjelpe han. Det er slik eg kjenner meg no, seier Evra.

Lykka har ikkje alltid smilt til Evra. I 2010 fekk han skulda for å vere hovudmannen bak «den franske revolusjonen» – spelarane sin treningsboikott og protest mot at Nicolas Anelka vart send heim frå VM i Sør-Afrika. Evra var kaptein for det franske laget, som vart slått ut i gruppespelet og måtte reise heim i skam . Han vart utestengd frå landslaget i fem kampar som straff.

– Det som skjedde då, tappa meg for energi. Eg tok nok kapteins-oppgåva altfor alvorleg, seier Evra.

– 2010 er historie

Raymond Domenech
Foto: FRANCK FIFE / Afp

No er han tilbake i laget, men han er ikkje lenger kaptein.

– Det er ei ære å vere kaptein, men det er ikkje noko prioritert mål for meg. Eg er kaptein på Manchester United, og det er nok for meg. Det som skjedde i 2010, er historie, seier Evra.

Han kom ikkje på talefot med Raymond Domenech, landslagssjefen i 2010. To år seinare vart Didier Deschamps sjef, ein mann Evra kjenner godt frå før.

– Det var avgjerande for meg då eg sa ja til å halde fram på landslaget. EM 2012 var friskt i minnet, der gjekk det ikkje så godt for oss. Derfor nølte eg litt, men eg sa likevel ja då Didier tok over. Om eg ikkje er god nok, vil han sjå meg inn i augo og fortelje meg det. Då aksepterer eg å ikkje få spele. Eg har stor respekt for han, og det er godt å arbeide saman med han.

Stolt av landslaget

– I år er vi eit langt meir samansveisa lag. Og sidan vi blei VM-klare i november, har vi blitt ekstra stolte av å bere landslagstrøya, seier Evra, som har 59 landskampar.

Men han tek ikkje avstand frå si eiga fortid, sjølv om han no er endra, ikkje minst på grunn av meditasjonen.

– «Pat» av 2014 er den same som «Pat» av 2010. Eg er glad i dei begge. Og eg må nok vedgå at eg er glad i meg sjølv også. Det høyrest kanskje arrogant ut, men eg likar ikkje å kritisere meg sjølv, seier ein tankefull Patrice Evra.

Han les aldri om seg sjølv på nettet eller i avisene. – Det viktigaste for meg er kva spelarane, støtteapparatet og supporterane meiner om meg. At media ofte framstiller meg som ein «badboy» etter det som skjedde for fire år sidan, gjer meg ingenting, seier han.

– Benzema er stjerna

No er Evra på eit lag der han trivst.

– Karim (Benzema) er stjerna på laget, det er han vi andre skal fóre med ballar. Olivier Giroud, Valbuena, Antoine Griezmann og Loic Remy er også gode angrepsspelarar, men Karim har vunne meisterligaen og har ein annan dimensjon, seier Patrice Evra.

– På alle lag eg har spela, har eg sagt at vi treng ein god målscorar. Vi er heldige, vi har Karim.

– Vår eigen verste motstandar

Frankrike opna VM med solide 3–0 over Honduras , og Benzema scora to av måla. Fredag står Sveits for tur, seinare Ecuador. Frankrike er favorittar.

– Eg trur ikkje vi endrar noko før kampen mot Sveits. Vi er i flyten, og vi har harmoni i troppen. Men vi er aldri immune mot at nokon bryt ut av gruppa og vil handle på eiga hand. Slikt kan skje fort i fotball. Det viktigaste av alt er at vi er eit lag, ikkje ein gjeng individualistar, seier Evra.

– Det er når alt ser ut til å gå på skinner, at ein kan vere på sitt mest sårbare. Vi må ha den rette innstillinga. Slik eg ser det, er vi vår eingen største motstandar.

Fotball

  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Haaland usikker til FA-cupsemifinalen

    Erling Braut Haaland er småskadd og kan miste Manchester Citys FA-cupsemifinale mot Chelsea lørdag.

    Det avslørte City-manager Pep Guardiola på en pressekonferanse fredag.

    Det har vært knyttet usikkerhet til Haaland etter at han ble byttet ut før ekstraomgangene i mesterligakvartfinalen mot Real Madrid onsdag.

    Guardiola uttalte etter den kampen at Haaland ba om å bli byttet ut, og at han ikke var i stand til å fortsette.

    – Erling kjente noe. Et muskulært problem. Han kunne ikke fortsette, sa Guardiola fredag.

    Selv om City er slått ut av mesterligaen, venter et relativt hektisk kampprogram de neste ukene. Kommende Torsdag skal de lyseblå spille en utsatt bortekamp mot Brighton i Premier League, mens Nottingham gjester Manchester i serien tre dager senere.

    Med seks kamper igjen av sesongen topper City ligatabellen to poeng foran Arsenal og Liverpool.

    Haaland er delt toppscorer med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har samtidig måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Alvorlig kneskade tvinger Sandefjord-spiller til å legge opp

    Sandefjord-spiller Andreas van der Spa (25) har tatt den tunge beslutningen om å avslutte fotballkarrieren etter at en kneskade har skapt komplikasjoner.

    Eliteserieklubben opplyser om beslutningen på sine nettsider fredag.

    Der heter det at van der Spa skulle gjennomgå det som på forhånd var antatt å være en enkel kneoperasjon. Det viste det seg ikke å være.

    – Samtalen med legen i etterkant var nedslående – og det var naturlig for meg å få noen flere synspunkter. Derfor har noen av de fremste ekspertene her i landet kommet med sine konklusjoner. Det er bare å krype til korset og slutte med toppfotballen, sier van der Spa.

    – Det har selvsagt vært blytungt, og jeg har vært helt i kjelleren, sier han videre og forteller at han rømte landet etter beskjeden.

    Beskjeden han fikk fra legene var krystallklar. Mer toppfotball kunne gitt varige skader.

    – Da jeg fikk «dommen» kom det som et sjokk. Jeg hadde ingen problemer da jeg kom til Sandefjord, sier nordlendingen.

    Forsvarsspilleren ble hentet inn som erstatter etter at kaptein Sander Moen Foss forsvant til Lillestrøm. Han var tiltenkt en sentral rolle i Sandefjord etter overgangen fra Sogndal. (NTB)

    Andreas van der Spa
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Maanum kan gjøre comeback etter kollapsen søndag

    Arsenal-sjef Jonas Eidevall opplyser at Frida Maanum kan bli å se i søndagens kamp mot Leicester etter en lang periode på sidelinjen.

    Maanum falt om og ble liggende på gresset på overtid i ligacupfinalen mot Chelsea for snart tre uker siden. Hendelsen satte en støkk i både lagvenninner og andre.

    Svenske Eidevall forklarer at Maanum overvåkes medisinsk mens hun gradvis gjør seg klar for å komme tilbake på banen.

    – Alt går bra for øyeblikket, men vi må holde oss til protokollen og prosessen. Og så håper vi selvsagt at hun kan være tilgjengelig for å spille søndag, sa Eidevall på fredagens pressekonferanse.

    Søndag tar Arsenal imot Leicester som ligger på 9.-plass på tabellen.

    Arsenal ligger på 3.-plass i serien med seks poeng opp til tittelrivalene Manchester City og Chelsea. (NTB)

    Frida Maanum i aksjon i ligacupfinalen mot Chelsea
    Foto: ADRIAN DENNIS / AFP
  • Gulbrandsen tilbake i Molde-troppen til storkampen

    Molde-trener Erling Moe kan glede seg over å ha spissen Fredrik Gulbrandsen tilbake i troppen til søndagens storkamp mot Bodø/Glimt i Eliteserien.

    – Det blir vel én forandring, og det er at Martin Linnes ikke er med oss oppover. Fredrik Gulbrandsen er tilbake i troppen. Ellers ser det helt likt ut (som sist), sier Moe til TV 2.

    Gulbrandsen ble skadd allerede i serieåpningen mot Strømsgodset og har siden jobbet hardt for å komme tilbake. Det er uklart hvor mye han kan spille av søndagens toppkamp.

    Linnes startet i 1-2-tapet mot Odd onsdag og gikk av etter en time.

    For Glimts del er eneste endring at Ulrik Saltnes er tilbake i troppen. Han sto over mot Lillestrøm (5-0-seier) sist helg på grunn av sykdom.

    Kampstart på Aspmyra søndag kveld er klokken 19.15. (NTB)

    UEFA Europa Conference League 2023/2024: Molde - Club Brugge (2-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten