Fotball

Oppsummert

  • Cirka 20.05: Pressekonferanse med Ståle Solbakken og en utvalgt spiller etter kampen mot Tyrkia.
  • Arsenal og Ødegaard ute

    Arsenal er ute av Europaligaen etter at det andre semifinale-oppgjeret mot Villarreal enda 0–0. Det spanske laget leia 2–1 etter det første oppgjeret, og sjølv om Arsenal hadde sine sjansar så lukkast dei ikkje med å få ballen i mål.

    Martin Ødegaard hadde ein relativt anonym kveld for heimelaget, og blei bytta ut etter om lag halvspelt andre omgang med det som såg ut som ein liten smell.

    Villarreal møter Manchester United i finalen i Gdansk 26. mai

    Europa League - Semi Final Second Leg - Arsenal v Villarreal
    Foto: Hannah Mckay / Reuters
  • Solskjær til sin første finale

    Ole Gunnar Solskjær skal leie Manchester United i sin første finale. For sjølv om dei tapa 3–2 i det andre semifinale-oppgjeret i Europaligaen mot Roma, så vann dei 8–5 samanlagt. Edinson Cavani blei tomålsskårar for United. Bryan Cristante, Edin Dzeko og eit sjølvmål av Alex Telles stod for Roma sine mål.

    I finalen i Gdansk 26. mai møter dei Villarreal.

    Europa League - Semi Final Second Leg - AS Roma v Manchester United
  • Ed Sheeran sponser fotballklubb

    Den kjende artisten Ed Sheeran blir ny draktsponsor for den engelske fotballklubben Ipswich Town. Sheeran er sjølv frå byen. Det er ikkje kjent kor mykje draktavtalen er verd. Ipswich har vore ein Premier League-klubb før, men ligg i dag på nivå 3.

    Video Ed Sheeran i Popsalongen
    Foto: Nyhetsspiller
Europa League - Semi Final Second Leg - AS Roma v Manchester United