– Han skulle scora hat-trick!, sa Solskjær humoristisk på pressekonferansen etter kampen.
Caulker sende første Cardiff opp i leiinga 1-0, før han sette inn den viktige 2-1-scoringa midtvegs i andre omgang. Sjølv var kapteinen svært fornøgd med innsatsen.
– Vi har mykje spirit i laget. Då dei utlikna kunna mange ha mista hovudet, men vi kjempa tilbake. Kan vi vise same spirit i dei neste ni kampane vil vi heilt klart halde plassen, seier Caulker til BBC etter kampen.
Ingen av botnlaga hadde nær råd til å tape oppgjeret denne laurdag ettermiddagen. Dei låg på dei to nedste plassane i Premier League med høvesvis 21 og 22 poeng før kampen.
Etter kampen er Cardiff oppe i 25 poeng, berre målforskjell hindrar sikker plass. Brede Hangeland og John Arne Riise sitt Fulham slit no heilt åleine i botnen.
Vakna etter 20 minutt
Det var ikkje noko fyrverkeri av ein fotballkamp publikum fekk servert i Wales. Dei første 20 minutta var ei depressiv oppvisning.
Så vakna Cardiff, litt etter litt. Sjansane blei større, og like før pause såg heimepublikumet ballen i mål då Kenwyne Jones avslutta vakkert etter eit innlegg frå høgre. Fulham-keeper Marten Stekelenburg var derimot på plass og fekk slått til corner. Den corneren enda til slutt i scoring.
Fulham klarerte først, men ballen blei spelt rett inn igjen i feltet. Craig Noone avslutta frå skrått hald der Fulham berre delvis fekk blokkert. Ballen gjekk vidare inn i feltet der Cardiff-kaptein Steven Caulker beina inn 1-0.
Alt i alt ei fortent leiing halvvegs.
Nytt bortelag til lita nytte
Etter pause kom Felix Magath sine menn ut som eit nytt lag. Tannlaust og umotivert hadde blitt bytta ut med nokre jekslar og litt motivasjon.
Etter 59 minutt kom utlikninga. Cardiff-back Fabio laga ein litt unødvendig corner, noko Fulham utnytta til fulle. Johnny Heitinga var først på og stussa ballen vidare bakover der Lewis Holtby enkelt sette inn 1-1.
Oppgjeret hadde no blitt ein fotballkamp. Meir fart, meir presisjon i pasningsspelet og eit botnoppgjer på vippen. Heimelaget skulle vise seg som tyngst.
For berre åtte minutt etter utlikninga var kaptein Caulker på plass igjen. Etter fleire hjørnespark på rad fekk Caulker hovudet på ballen. Headinga var god, og sjølv om Stekelenburg kanskje burde redda, gjekk ballen i mål til 2-1.
Fire minutt seinare kom spikaren i kista - på komisk vis: Dommar Martin Atkinson var dyktig då han gav Cardiff ein fordel. Like etter blei ballen slått inn og Jones er først på med hovudet. Ei vakker redning hindra scoring, men sekundet seinare låg ballen i mål til 3-1. Scoringa blei til slutt dømd som sjølvmål der Sascha Reiter skal ha vore siste på ballen.
Fulham jaga redusering, og hadde blant anna eit annullert mål etter ei Steve Sidwell-heading, men det enda med Cardiff-siger.
– Kampen i dag var ein viktig, viktig siger. Begge laga trengde sigeren, men vi tok den, konkluderte Solskjær.
Tre poeng gjer at Solskjær sine menn no er oppe på 25 poeng, likt med West Bromwich som tapte 3-0 mot Manchester United. Crystal Palace tapte 1-0 mot Southampton og har framleis 27 poeng, medan Norwich spelte uavgjort mot Stoke og er oppe i 29 - likt med Swansea.
– Ser mot Goodison Park
Cardiff-manageren står no med sju Premier League-poeng sidan inntoget i starten av januar. Etter sin andre siger på ni kampar var han mest fornøgd med spelarane sin respons etter 1-1-scoringa.
– Der er vilje i dette laget og dei var bestemte på å få med seg sigeren.
Solskjær seier vidare at 3-1-sigeren laurdag var viktig for alle både i og rundt klubben. Samstundes gjer han det klart at dei framleis er på nedrykksplass og at eitt resultat forandrar lite.
– Vi ser raskt mot Goodison Park neste helg. No skal vi byggje vidare på denne sigeren, seier den norske Premier League-manageren.
Lagoppstillingar:
Cardiff (4-3-3): David Marshall - Declan John, Steven Caulker, Ben Turner, Fabio - Gary Medel, Bo-Kyung Kim, Jordon Mutch - Craig Noone, Kenwyne Jones, Fraizer Campbell.
Innbyttarar: Craig Bellamy, Wilfried Zaha, Cala, Mats Møller Dæhli, Kevin Theophile Catherine, Magnus Wolff Eikrem, Joe Lewis.
Fulham (4-4-2): Maarten Stekelenburg - Sascha Riether, Johnny Heitinga, Brede Hangeland, John Arne Riise - Ashkan Dejagah, Steve Sidwell, Lewis Holtby, Kieran Richardson - Konstantinos Mitroglou, Cauley Woodrow.
Innbyttarar: William Kvist , Alexander Kacaniklic, David Stockdale, Giorgios Karagounis, Elsad Zverotic, Dan Burn, Darren Bent.