Landslagssjef Åge Hareide tok ut troppen i dag. To keeperar og 21 utespelarar er med.
Daniel Braaten Jan Gunnar Solli, Kjetil Wæhler og Bjørn Helge Riise er tilbake i troppen. Og Ole Gunnar Solskjær er tilbake etter sitt skadeavbrot.
Anders Rambekk, Frode Johnsen og Thomas Myhre er ute.
Gløymde Fredheim Holm
Hareide hadde gløymt Daniel Fredheim Holm på lista han først presenterte då han offentleggjorde troppen. Men VIF-spelaren er sjølvskriven i troppen.
Hareide vil ikkje seie kven av Jarstein og Opdahl han har som førsteval i mål.
- Dei er jamne, men vi vil bestemme oss tidleg, slik at den som skal stå, får tid til å byggje seg opp, sa Hareide på pressekonferansen.
Fredrik Strømstad er litt utsikker på grunn av sin skade. - Men vi håpar og trur han er OK før kampen, sa Hareide.
Malta i fokus
Han sa også at sjølv om det er to kampar som står på programmet, er det den første kampen - mot Malta - som står i fokus.
- Vi må konsentrere oss om den kampen som kjem først. Så får vi seinare sjå på Ungarn-kampen. Men vi treng friske bein også til den kampen, seier han.
- Eg har godt håp om at spelarane frå den heimelege fotballen så langt ute i sesongen er blitt meir stabile enn tidlegare i år, la han til.
Slik ser troppen ut:
Keeperar:
Håkon Opdal, Brann
Rune Almenning Jarstein, Odd Grenland
Utespelarar
Martin Andresen, Brann
Simen Brenne, Lillestrøm
Daniel Braaten, Rosenborg
John Carew, Aston Villa
Daniel Fredheim Holm, Vålerenga
Christian Grindheim, Vålerenga
Erik Hagen, Zenit St. Petersburg
Brede Hangeland, FC København
Thorstein Helstad, Brann
Kristofer Hæstad, Start
Steffen Iversen, Rosenborg
Frode Kippe, Lillestrøm
Bjørn Helge Riise, Lillestrøm
John Arne Riise, Liverpool
Espen Ruud, Odd Grenland
Morten Gamst Pedersen, Blackburn
Jan Gunnar Solli, Brann
Ole Gunnar Solskjær, Manchester United
Jarl Andre Storbæk, Vålerenga
Fredrik Strømstad, Start
Kjetil Wæhler, Vålerenga
Noreg møter Malta 2. juni og Ungarn 6. juni, begge på heimebane.