Erik er klar for sitt største eventyr

Ikkje ein gong i sin villaste fantasi våga Erik Sandal (30) å drøyme om europacupspel med Hødd. Men torsdag skjer det.

Erik Sandal

KLAR: Erik Sandal har spelt for Hødd sidan 2005. Torsdag spelar vågsøyværingen sin første europacupkamp med sunnmørslaget.

Foto: Allan Rune Eikrem / NRK

Det var ei cupbombe av dimensjonar som i fjor haust slo ned på Ullevaal då vesle Hødd frå Ulsteinvik tukta Tromsø og vart cupmeistrar .

Torsdag kjem kasakhstanske Aktobe til Høddvoll for å kjempe om avansement i europaligaen. Erik Sandal håpar dårleg vestlandsvêr gir Hødd ei hjelpande hand.

– Eg håpar på 2.000 galne sunnmøringar på tribunen, god stemning og kjempedårleg vêr. Det gler vi oss til, smiler nordfjordingen.

Sidan 2005

Jublande Hødd-spelarar

JUBEL: Hødd jublar etter å ha slått Tromsø på Ullevaal.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Sandal har trekt sunnmørsklubben si blå trøye over hovudet sidan 2005. Så langt i karrieren har det meste dreia seg om opp og nedrykk mellom 1. og 2. divisjon.

Når dei kasakhstanske serieleiarane kjem på europacupvisit til Ulsteinvik blir det noko heilt anna.

– Det er veldig spesielt. Eg trudde aldri eg skulle ta europacup i min munn som fotballspelar. At eg skal spele europacup med Hødd hadde eg ikkje i min villaste fantasi trudd, seier han.

Fordel Hødd?

– Men når so skjer, så er det klart at det blir veldig spennande og noko eg ser veldig fram til, legg 30-åringen til og håpar Hødd kan dra litt nytte av det dårlege vêret som er meldt.

– Det blir litt kontrastar for dei. I går var det 40 grader i Kasakhstan. No kjem dei til øs pøsande regn og 11 grader på Vestlandet. Det skal vi bruke for alt det er verdt. Vi har forhåpentlegvis ein fordel der, gliser han.

Sjølv om det ikkje er noko Barcelona, Manchester United eller Bayern München som kjem på vitjing i europaligaens andre kvalifiseringsrunde, er det eit lag som bør vere nokre nummer større enn vesle Hødd som tek turen til Ulsteinvik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Hødd og Tromsø spilte uavgjort 1-1 og cupfinalen 2012 gikk til straffesparkkonkurranse. Der trakk Hødd det lengste strået og kunne slippe jubelen løs. Andreas Rekdal satte inn den avgjørende straffen for Hødd.

SJÅ: Heile den avgjerande straffekonkurransen som sendte Hødd frå norsk cupeventyr til det som kan bli eit europeisk cupeventyr.

– Eit godt Tippeligalag

Klubben som sogndals Malick Mane vart toppscorar for i 2011, har vunne serien fleire gonger sidan 2005. I europeisk samanheng har siste åra vore fast inventar i kvalifiseringa til anten meisterligaen eller europaligaen.

I fjor takka dei for seg i tredje kvalifiseringsrunde mot belgiske Genk. Torsdag kjem bonusen frå fjorårets cupmeisterskap.

– Vi møter eit godt Tippeligalag. Dei har ein del brasilianarar, og det er spelarar som rett og slett er eit nivå høgare enn oss. Vi vil verkeleg få bryne oss, trur Sandal.

– Blir knalltøft

Men sunnmørslaget har møtt god motstand tidlegare. På vegen til Ullevaal i fjor måtte både Brann og Haugesund frå eliteserien bite i det sure eplet. Og så sjølvsagt Tromsø på sjølvaste cupfinaledagen.

For sunnmøringane har håp om å nå tredje kvalifiseringsrunde.

– Det seier seg sjølve når vi er komne dit vi er komne. Men det blir knalltøft. I fjor viste vi at vi kunne slå dei fleste, så kvifor ikkje i morgon også, meir eller mindre spør han.

– Heksegryte

– Vi bør helst ikkje sleppe inn mål, og vinn vi med eitt eller to, så er moglegheitene der. Men dei er eit godt heimelag, og der borte er det visst ei heksegryte av dimensjonar, seier Sandal.

– Vi er meir stabile i år enn i fjor, der det gjekk frå det fantastiske til heilt sørgjelege. Vi er blitt meir vaksne og tek mindre risiko, held Sandal fram og håpar at europacupeventyret varer meir enn berre ein heime- og bortekamp mot Aktobe.

– Vi gler oss alle mann. No nærmar det seg, og ein kjenner på kroppen at noko skal skje. Det byrjar å krible og prikke i kroppen. Det er ikkje normalt før ein fotballkamp, ler han.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.