– Vi har to mål: Semifinale i EM 2020 og gull i VM i 2022, sa den engelske fotballpresidenten Greg Dyke onsdag.
Dyke overtok som president for det engelske fotballforbundet (FA) i juli, og talen han heldt onsdag, var den første offisielle.
Men han har eit problem: Talet på gode engelske toppspelarar er synkande. Då Premier League vart sett i gong i 1992, var 69 prosent av spelarane engelske. I førre sesong var talet nede i 32. Det lovar Dyke å ta tak i.
– Tankbåt som treng kursendring
– Premier League er ein tankbåt som treng kursendring, sa han. Utan å ha noko klart svar på kva som må gjerast.
– Men noko må gjerast. Dersom vi lar det skure og gå, og ikkje gir fleire unge engelske spelarar sjansen i Premier League, sviktar vi landet og tusenvis av engelske tilhengarar, sa Dyke.
England vann VM på heimebane i 1966, men har elles aldri kome lenger enn til semifinale i meisterskap – i VM i 1990 og EM i 1996.
Topptungt utval
– Kva gjer vi om det blir endå færre engelske spelarar i PL – 25, 20 eller 15 prosent? Skal vi stadig sjå vekk frå problemet, eller skal vi gjere noko no? spurde Dyke.
No vil han tromme saman eit topptungt utval som skal ta tak i problemet. Der skal mellom andre leiarane i Premier League, The Football League og organisasjonsleiarane for managerane og dei profesjonelle spelarane vere med.
– Det er engelsk fotball som heilskap som har eit problem, og det er engelsk fotball som heilskap som må finne ei løysing, seier Dyke.
Den løysinga skal føre England til topps om ni år.