Det seier Englands tidlegare landslagssjef Graham Taylor etter at England fekk
i kampen om fotball-VM 2018, trass i at både statsminister, arveprinsen og fleire fotballstjerner møtte opp for å fronte den engelske søknaden.Dagen derpå er kritikken mot FIFA (det internasjonale fotballforbundet) massiv frå England, og fleire meir enn antyder at det bak kulissene skjedde ting som ikkje har godt av dagens lys.
- Vi er blitt fortalde at det var dei
i tida før avrøystinga som øydela. Det trur eg ikkje eit ord av. Årsakene var heilt andre.- Endra seg i morgontimane
-
dreiv lobby-arbeid til siste minutt. Vi veit at nokre av røystene endra seg til russisk fordel om morgonen same dag som avrøystinga skulle skje. Vi er ikkje navive, seier Leiaren for den engelske delegasjonen, Andy Anson.Englands søknad hadde fått det beste skussmålet frå FIFAs tekniske komité.
- Derfor var det ekstra tøft å bli behandla slik, seier Anson.
- Bortkasta å søke fotball-VM
Han slår fast at det ikkje er vits i å levere nokon søknad frå land som England, USA og Australia, som alle tapte kampen om VM i 2018 og 2022.
Desse tre landa fekk til saman seks røyster av totalt 44 i første runde av dei to avrøystingane.
- Les:
- Ønskte å selje stemma si
No vil Anson tilbake til utvelgingssystemet som vart brukt fram til 1970-talet. Då vart VM-arrangørane valde blant alle FIFA-medlemene. I går var det dei 22 i eksekutivkomiteen som gjorde valet.
- Når berre 22 skal stemme, betyr det at kvar av dei får altfor stor makt. Alle med stemmerett ønskte heilt klart å selje den stemma for eitt eller anna, seier Anson.
- Må inn i "maktens korridorar"
Men ikkje alle engelskmenn er like ivrige etter å legge all skuld på FIFA og dei 22 røysteføre. Han meiner England sjølv kunne gjort presentasjonen betre.
- Sjå på Frankrike. Kven er deira representant på fotballens øvste nivå? Michel Platini. Sjå på Tyskland. Kven er deira representant? Franz Beckenbauer. Ingen treng å bli fortalde kven dei er. England har Geoff Thompson, seier den britiske journalisten Mihir Bose.
Bose er ein framståande grave-journalist for nettstaden
.- Thomson er ein "nice guy", men han er ikkje i nærleiken av å vere ein tungvektar i fotballhistoria. England er nøydd til å lære av desse landa korleis dei har fått sine største sportsprofilar til å bli førsteklasses sports-administratorar, skriv Bose.
Berre åtte frå England
Han viser til at i 34 komitear innan FIFA er der berre åtte namn frå England. Der trykkjer skoen kraftig, meiner journalisten.
- Vi har her i landet ein fundamental mangel på forståing for verdien av å ha folk i maktens korridorar. Det fortel denne avrøystinga oss.
- England fann opp fotballen, men dei skapte ikkje institusjonar som FIFA og IOC. Det var det franskmenn som gjorde, seier Bose.
Han trekkjer parallellar til fotballen sjøl:
- Det er dei harde og kjedelege timane i komiteane og arbeidsgruppene som tel, og som kan omsetjast til stemmer ved sei store stundene. Akkurat som at spelarane må gjennom tøffe treningsøket kvar einaste dag for at dei skal briljere i kampane, skriv Bose.