NRK Meny
Normal

Brann går til ferie nederst på tabellen

Haugesund tok poeng mot Sarpsborg i kveld, og klatrar dermed over Brann på tabllen. Brann er no desidert sist i Tippeligaen.

Kristoffer Knudsen Larsen

TUNGT: Fem strakte tap tar på for laget og Kristoffer Larsen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Jarkko Hurme

TOK LEIINGA: Jarkko Hurme tok Odd opp i leiinga etter 29 minutt.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix
Erik Huseklepp mot Sarpsborg

ANNULLERT: Erik Huseklepp testa skuddfoten tidleg i kampen, men fekk målet annullert.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix
Rikard Norling

FREDA: Leiinga i Brann har fredag Rikard Norling trass i lei labre resultata. I kveld vil laget på nytt forsøke å snu skuta.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix
Brann stadion mot Odd

NU KÖR VI: Bataljonen er klar for å starte klatringa oppover på tabellen. Det er glissent på stadion før kampstart.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Haugesund starta kampen mot Sarpsborg fem over åtte, og gjorde kort prosess. Til slutt vann dei 4 - 0.

Det var dråpen som skulle sørgje for at Brann midt i sesongen ligg heilt på botnen av tabellen.

Kampen mot Odd var heller ingenting å juble over for raudtrøyene.

Bom etter bom

Det var ein målfattig kveld på Brann stadion. Odd styrte i første omgang og tok leiinga etter 29 minutt ved Jarkko Hurme.

Brann løfta seg i andre halvdel, og produserte fleire sjansar.

Problemet var at samtlege av dei enda utanfor mål.

Brann jakta Odd

Andre omgang startar med høgt press frå Odd. Temperaturen gjekk opp nokre grader frå første omgang.

Brann var med i kampen, og leverte fleire målsjansar. Dei fleste av dei endar med bom på mål.

Brann gjor tre byter. Håkon Lorentzen har komt inn for Hassan El Fakiri, Håvard Storbæk for Fredrik Oldrup Jensen og Kristoffer Larsen går inn for Birkir Sævarsson.

Piping frå tribunene

Kampen starta roleg, men etter 29 minutt sørgar Jarkko Hurme for at Odd tar leiinga.

Jone Samuelsen sentrar til Hurme som finn ei opning i venstre hjørne av målet. Like etter produserer dei ein ny storsjanse som endar i tverrleggaren.

Brann-supporterane peip frå tribunene, og verka skuffa over at Brann produserte så lite i første halvdel.

På tampen av første omgang klarer Huseklepp og Askar å produsere ein sjanse frå 15 meter. Måljakta ender i klypene på Odd-keeperen.

– Straffa av høgare makter

Forhalda før kampen var langt frå perfekte. Brann-laget som har vore ute for ei regnskure før, og kunne kanskje fått ein fordel av regnvêret som låg tjukt over byen, men det lokka ikkje publikum.

– Her har vi to veker med sommar før kampen, og så har éin kampdag der det byttar ned, før vêrmeldinga viser to nye veker med sol, seier salssjef i Brann, Frode Algrøy, som føler laget blir straffa av høgare makter.

– Det er stang ut på alle områder for oss, seier Algrøy.

Trudde på poeng

Han håpte 9000 tilskodarar likevel vil finne vegen til stadion for å støtte Brann i kveld. Kva talet ligg på er ukjent, men det var svært glissent på tribunene i Bergen.

Det har vore ein tøff sesong for Brann så langt, og det toppa seg sist veke då Brann hamna under streken etter tapet mot Molde. Likevel har leiinga i klubben lova at trenar Rikard Norling er freda og har tillit.

Starta med taparlaget

Det same laget som tapte mot Molde, fekk tillit også i kveld.

Det er første gong denne sesongen Norling veljer å starte to kampar på rad med det same laget.

Erdim Demir er klar for spel, og starta på benken. Vadim Demidov, Markus Jonsson, Daniel Mojsov og Kristoffer Barmen er framleis ute med skade.

Sist Brann tok i mot Odd på heimebane for Brann enda med ein 2-0 siger for Brann.

Då var det Erik Huseklepp som gjorde reint bord med scoring både like før, og like etter, pause.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.