Det seier UEFA i dag, samstundes som dei offentleggjer lista over dei 19 offisielle søkjarbyane for å arrangere EM-kampar.
I 2020 skal EM-sluttspelet ikkje arrangerast i eitt eller ti land slik det har vore vanleg, men spreiast i
.12 av byane skal arrangere tre gruppespelkampar og ein kamp i åttedelsfinalen eller kvartfinalen. Den 13. byen skal arrangere semifinalane og finalen, og dette blir enten London eller München.
. Det er fordi UEFA krev plass til minst 30.000 tilskodarar på dei aktuelle banene. Ullevaal får ikkje meir enn 28.500 når den er ferdig utbygt.
Men både Sverige og Danmark er med i bodrunden.
Dei 19 som ønskjer EM-kampar, er:
- Aserbajdsjan (Baku)
- Belgia (Brussel)
- Bulgaria (Sofia)
- Danmark (København)
- England (London)
- Irland (Dublin)
- Israel (Jerusalem)
- Italia (Roma)
- Kviterussland (Minsk)
- Makedonia (Skopje)
- Nederland (Amsterdam)
- Romania (Bucuresti)
- Russland (St. Petersburg)
- Skottland (Glasgow)
- Spania (Bilbao)
- Sverige (Stockholm)
- Tyskland (München)
- Ungarn (Budapest)
- Wales (Cardiff)
Tyrkia var rekna som favoritt til å få finaleturneringa. Men dei trekte seg fredag for å satse meir på å søkje på EM 2024 åleine.